Fidra
Lokalt namn: Fiodra
Fidra35185.jpg
Geografi
Fidra is located in
Fidra ()
Stad Firth of Forth
Koordinatar 56°4′ N 2°47′ WKoordinatar: 56°4′ N 2°47′ W
Øygruppe Øyane i Firth of Forth

Areal 0,1 km²

Høgaste punkt 20 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region East Lothian

Demografi
Folketal 0

Fidra (tidlegare Fidrey[1]) er ei busetnadslaus øy i Firth of Forth, 4 km nordvest for North Berwick på austkysten av Skottland.

GeografiEndra

Som mange av øyane nær North Berwick har Fidra vulkansk opphav og vart danna for kring 335 millionar år sida. Fidra består av tre delar, ein ås i eine enden med eit fyr på, ein lågare del i midten og ein staur i den andre enden.[2]

 
Fidra sett frå Yellowcraigs

Som den nærliggande Bass Rock har øya store fuglekoloniar og er eit reservat. Landsbyen Gullane ligg i sørvest. Restane av eit gammalt kappel ligg på øya. Det er frå 1100-talet då øya høyrte til baroniet Dirleton.

 
Fidra fyr

FyretEndra

Fyret vart bygd i 1885 og automatisert i 1970. Eit kainanlegg knytt til fyret ligg på austsida av øya.[3] Lyset blinkar fire gonger kvart 30. sekund.[4]

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. Lewis, Samuel (1846). «Faifley - Fifeshire». A Topographical. Henta 8. februar 2010. 
  2. «Fidra». Gazetteer for Scotland. Henta 8. februar 2010. 
  3. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  4. Reeds Small Craft Almanac, London, Adlard Coles Nautical, 2007

Koordinatar: 56°04′23″N 2°47′0″W{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side