Cranfield Point
Cranfield Point er det sørlegaste punktet i Nord-Irland. Det er eit nes som ligg i County Down ved munningen av Carlingford Lough.
Cranfield Point | |||
nes | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Cranfield Point 54°01′00″N 6°03′36″W / 54.0166°N 6.06°W |
Ein gong stod det eit fyr på Cranfield Point, som markerte inngangen til fjorden. Plasseringa av fyret var derimot dårleg, og fyret Haulbowline vart bygd i midten av inngangen til Carlingford Lough i staden. Fyret på Cranfield Point fall i havet på grunn av kysterosjon i 1860-åra. Huset til fyrvaktaren står framleis og vart omgjort til eit privat hus.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cranfield Point» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2007.