Cry av Simple Minds

Cry
Studioalbum av Simple Minds
Utgjeve 1. april 2002
Innspelt 2001; Sicilia og Glasgow i Skottland1
Sjanger poprock
Lengd 47:36
Selskap Eagle Records
Produsent Jim Kerr, Charlie Burchill, Planet Funk, Gordy Goudie
Simple Minds-kronologi 
Neon Lights
(2001)
Cry Black & White 050505
(2005)


Cry er det 13. studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut 1. april 2002. Albumet var derimot hamna på Internett fleire veker før det kom ut offisielt.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]
Canoe.ca(positiv)[2]
Q2/5 stars[3]
Uncut(middels)[4]

Oversyn endre

Cry var det første albumet med originale songar av Simple Minds på fleire år etter ein pause som følgde Neapolis og det skrinlagde Our Secrets are the Same. Som eit comeback valde dei å lage eit fokusert popalbum med fokus på melodi og stramme arrangement.[5]

Jim Kerr sa då albumet kom ut: «Eg likar ideen om særs fokuserte melodiar, stramme arrangement, kommersielle greier. Eg sa til Charlie: Dette er den einaste musikken eg har lyst å lage no. La oss prøve å gå på kanten og gjere nokre skikkelege popgreier.»[6]

Innspeling endre

Cry vart spelt inn det siste halvåret av 2001 på Sicilia og i Glasgow i Skottland. Albumet vart stort sett skriven av bandet i lag. Jim Kerr arbeidde med fleire italienske musikarar, multiinstrumentalisten Gordon Goudie og andre, medan Charlie Burchill berre medverka på to spor. Det siste sporet på albumet var instrumentalen «The Floating World», skriven av Vince Clarke.[5]

Mottaking endre

Albumet fekk middels kritikk. Sjølv om James McNair i magasinet Q kalla det «ei skuffande suppe av halvgode idear og stilmessige ingrediensar» fekk det òg positiv omtale somme stader. Jane Stevenson i Toronto Sun skreiv: «Dei episke nummera Spaceface, New Sunshine Morning, One Step Closer, Sugar og Sleeping Girl er særskild dansevennlege, medan dei meir dempa Lazy Lately og Cry Again definitivt er verdt å lytte på. Ikkje like godt utførte er den akustiske Face In The Sun, dei usamanhengande Disconnected og Slave Nation, og instrumentalen The Floating World som avsluttar albumet er ikkje verdt det.» Uncut-skribenten David Stubbs skreiv at bandet prøvde å fornye stilen sin: «sjølv om det er oppmuntrande at Simple Minds har gått bort frå den luftige stadionrock-stilen, manglar dette albumet den meisterlege lettheita til New Gold Dream eller Sons and Fascination[7]

Innhald endre

Standardutgåve endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Cry»Jim Kerr, Dino Maggiorana, (N. Morris,) Mike Nicita, Daniele Tignino, Pat Legato3:57
2.«Spaceface»Sean Kelly, J. Kerr3:54
3.«New Sunshine Morning»J. Kerr, Maggiorana, Nicita, Tignino, Legato3:37
4.«One Step Closer»J. Kerr, Planet Funk6:07
5.«Face in the Sun»Mark Kerr3:58
6.«Disconnected»J. Kerr, Kevin Hunter, Gordy Goudie3:38
7.«Lazy Lately»Charlie Burchill, M. Kerr4:03
8.«Sugar»Charlie Burchill, M. Kerr3:14
9.«Sleeping Girl»J. Kerr, Maggiorana, Nicita4:12
10.«Cry Again»J. Kerr, Maggiorana, Nicita, Tignino, Legato3:36
11.«Slave Nation»J. Kerr, Hunter, Goudie3:02
12.«The Floating World»Vince Clarke4:26

Bonusspor på plata i Rejuvenation 2001–2014-plateboksen endre

Kjelde:[8]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)TypeLengd
13.«Lead the Blind»Charlie Burchill, M. KerrOriginalt bonusspor3:58
14.«For What It's Worth»Stephen StillsCover3.43
15.«The Garden»Charlie Burchill, Jim Kerr, Kevin HunterOriginalt bonusspor3.15
16.«New Sunrise»J. Kerr, Maggiorana, Nicita, Tignino, Legato«New Sunshine Morning» akustisk versjon4.17
17.«Where Is the Max?»Planet FunkPlanet Funk's «One Step Closer» alternativ (instrumental) versjon4.40

Medverkande endre

  • Jim Kerr – vokal, produsent
  • Charlie Burchill – gitar, bass, klaverinstrument, trommer, effektar, programmering

Andre medverkande

  • Gordy Goudie – gitar, bass, klaverinstrument, trommer, effektar, programmering, ekstra vokal, produsent
  • Pat Lego – klaverinstrument, trommer, effektar, programmering
  • Dino Maggiorana – klaverinstrument, trommer, effektar, programmering
  • Mark Kerr – akustisk gitar på «Face in the Sun», ekstra vokal
  • Daniele Tignino – ekstra vokal

Kjelder endre

  1. Doerschuk, Robert L. Cry av Simple MindsAllmusic. Henta 10. september 2020.
  2. «Simple Minds - Cry - Articles & Reviews». Quebecor Media. Arkivert frå originalen 10. april 2013. Henta 210. september 2020. 
  3. McNair, James. «Simple Minds - Cry - Articles & Reviews». Bauer Media Group. Arkivert frå originalen 10. april 2013. Henta 210. september 2020. 
  4. Stubbs, David (May 2002). «Simple Minds - Cry - Articles & Reviews». IPC Media. Arkivert frå originalen 10. april 2013. Henta 210. september 2020. 
  5. 5,0 5,1 Cry information Dream Giver Redux
  6. «Rejuvenation 2001-2014 Five Album Vinyl Box Set (released 7/12/18) – Album 2 'Cry' was gjeve ut av #SimpleMinds in April 2002 and was recorded in Sicily & Glasgow.». Facebook. 20. november 2018. Henta 12. september 2020. 
  7. «Simple Minds - Cry - Articles & Reviews». Arkivert frå originalen 10. april 2013. Henta 210. september 2020. 
  8. «Simple Minds / Rejuvenation 2001-2014 box issued on CD». www.superdeluxeedition.com. 25. januar 2019. Henta 12. september 2020.