Neon Lights av Simple Minds
Neon Lights Studioalbum av Simple Minds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. oktober 2001 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 41:35 | |
Selskap | Eagle - EAGCD 194 | |
Produsent | Simple Minds, Gordy Goudie | |
Simple Minds-kronologi | ||
---|---|---|
Our Secrets Are the Same (1999/2004) |
Neon Lights | Cry (2002)
|
Neon Lights er eit studioalbum med coverversjonar av det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i oktober 2001.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Q | (negativ)[2] |
Toronto Sun | (positiv)[3] |
Oversyn
endreNeon Lights er ei samling coverversjonar sett saman som ei oppvarming for det som kom til å bli det neste albumet deira, Cry (2002). Jim Kerr sa om albumet då det kom ut: «Neon Lights er første gongen Simple Minds har sett saman ei samling av ikkje-originale songar. Men tenkte det passa seg å sjå attende på sjølve grunnlaget til Simple Minds, som sjølvsagt er musikken og banda som inspirerte oss.»[4]
Bakgrunn
endreEtter det førre albumet deira, Our Secrets Are the Same, vart lekt på Internett av ein DJ i Spania, og Simple Minds måtte gå frå EMI, trekte dei seg delvis attende. Frontmannen Jim Kerr flytta til Italia for å starte eit hotell. Her kom ei rekkje unge, italienske artistar til han for å spørje han om råd. Dette overtydde etter kvart bandet om å ta opp tråden att.[5]
Dei signerte ein avgrensa kontrakt med Eagle Records. For å hjelpe bandet i gang att, valde dei å spele inn eit album med coverversjonar for å gje Simple Minds merksemd på ny, og Neon Lights vart resultatet.[5]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Originalartist | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Gloria» | Van Morrison | Them | 3:45 |
2. | «The Man Who Sold the World» | David Bowie | David Bowie | 4:07 |
3. | «Homosapien» | Pete Shelley | Pete Shelley | 4:20 |
4. | «Dancing Barefoot» | Patti Smith, Ivan Kral | Patti Smith Group | 3:48 |
5. | «Neon Lights» | Ralf Hütter, Florian Schneider, Karl Bartos | Kraftwerk | 4:16 |
6. | «Hello, I Love You» | Jim Morrison, Robby Krieger, Ray Manzarek, John Densmore | The Doors | 3:32 |
7. | «Bring on the Dancing Horses» | Will Sergeant, Ian McCulloch, Les Pattinson, Pete de Freitas | Echo & the Bunnymen | 5:15 |
8. | «The Needle and the Damage Done» | Neil Young | Neil Young | 4:15 |
9. | «For Your Pleasure» | Bryan Ferry | Roxy Music | 4:08 |
10. | «All Tomorrow's Parties» | Lou Reed | The Velvet Underground | 3:35 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Originalartist | Lengd |
---|---|---|---|---|
11. | «Being Boiled» | Philip Oakey, Martyn Ware, Ian Craig Marsh | The Human League | 3:51 |
12. | «Love Will Tear Us Apart» | Ian Curtis, Peter Hook, Stephen Morris, Bernard Sumner | Joy Division | 4:48 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Neon Lights (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Wilson, MacKenzie. Neon Lights av Simple Minds på Allmusic. Henta 26. oktober 2011.
- ↑ Harris, John. «Neon Lights - Articles & Reviews». Q. Bauer Media Group. Henta 12. september 2020.
- ↑ Stevenson, Jane. «Neon Lights - Articles & Reviews». Toronto Sun. Sun Media. Henta 12. september 2020.
- ↑ «Rejuvenation 2001-2014 Five Album Vinyl Box Set (released 7/12/18) – Album 1 'Neon Lights'». Facebook. 16. november 2018. Henta 12. september 2020.
- ↑ 5,0 5,1 Cornwell, Simon. «Neon Lights: Information». Dream Giver Redux. Henta 12. september 2020.