Stikkemygg
Stikkemyggar er ei gruppe myggar som omfattar rundt 2 700 artar i 35 slekter. I Europa førekjem 106,[1] 38 av desse er påviste i Noreg.
Stikkmygg | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Tovenger Diptera |
Infraorden: | Culicomorpha |
Overfamilie: | Culicoidea |
Familie: | Stikkmygg Culicidae Meigen, 1818 |
Namnet sitt har dei fått fordi hoene av mange artar stikk pattedyr og/eller fugl og syg blod frå dei. Somme artar, til dømes malariamyggane (Anopheles), er spreiarar av fleire former for smitte og utgjer store medisinske problem. Andre artar er heilt ufarlege. Dei mest plagsame artane for menneske i Noreg høyrer til slekta Aedes.
Levesett
endreStikkemyggar har, som andre tovenger, fullstendig forvandling; ein livssyklus med egg, larve, puppe og vakse insekt eller imago. Detaljane i denne varierer frå slekt til slekt, men dei har det alle felles at larvane er reint vasslevande og pustar i luft gjennom spesielt utvikla pusterøyr på bakkroppen.
Dei ulike artane er ofte knytt strengt til ulike habitat. I Noreg finn ein til dømes larvar av Anopheles vexans og A. sticticus berre i elvedelta som fløymer over under snøsmeltinga, medan A. dorsalis og A. detritus er knytt til brakkvassdammar på strandenger.
Artar i Noreg
endre- Slekt Anopheles - malariamyggar
- A. claviger
- A. maculipennis (omfattar sannsynlegvis minst 2 artar, uklar systematikk)
- A. messae
- Slekt Coquillettidia
- C. richiardii
- Slekt Culex
- C. pipiens
- C. territans
- C. torrentium
- Slekt Culiseta
- C. alaskaensis
- C. annulata
- C. bergrothi
- C. fumipennis
- C. morsitans
- C. subochrea
- Slekt Aedes
- A. cantans
- A. caspius
- A. cataphylla
- A. cinerus
- A. communis
- A. detritus
- A. diantaeus
- A. dorsalis
- A. exrucians
- A. geniculatus
- A. hexodontus
- A. impiger
- A. intrudens
- A. leucomelas
- A. nigrinus
- A. nigripes
- A. pionips
- A. pullatus
- A. punctodes
- A. punctor
- A. riparius
- A. rossicus
- A. sticticus
- A. vexans
Kjelder
endre- Mehl, Reidar: "Culicidae - Stikkemygg" i Aagard, K & Dolmen, D (red): Limnofauna norvegica Tapir forlag, Trondheim 1996. ISBN 82-519-1214-8
- Tysk wikipedia