Tovenger

orden av insekt som femner om fluger og mygg
Tovenger
Calliphora augur
Calliphora augur
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Overrekkje: Ecdysozoa
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Tovenger Diptera
Linné, 1758

Tovenger (Diptera) er ein stor orden insekt som mellom anna består av myggar, knottar og ymse fluger. Det er beskrive omkring 151 000 artar på verdsbasis, med 2749 er registrerte i Noreg. For denne gruppa er det verdt å merka seg at mørketala sannsynlegvis er enorme - ein reknar med at det finst minst 200 000 artar på verdsbasis.

KjenneteiknEndra

Tovengene har fått namnet sitt fordi det eine vengeparet deira er særs tilbakedanna. Framvengene er store og membranøse og kan nyttast til å fly med, medan dei bakerste er reduserte til eit par såkalla køllevenger; balanseorgan dyra nyttar til å stabilisera seg med i lufta når dei flyg.

Hovudet er stort og rørleg med digre fasettaugo. Munndelane er som regel tilpassa ein eller form for væskeopptak, det vera seg blod (som i myggar), ymse næringspartiklar blanda med spytt (som i mange fluger), saft eller nektar.

Bakkroppane til tovengene er ofte reduserte i nokon grad, det vil seie at somme av dei opphavleg 11 segmenta har falle bort eller smelta saman. Hoer har ofte omdanna somme av dei til eit eggleggingsrøyr.

Larvane manglar ekte bein, men har ofte tilsvarande strukturar som forsvinn i løpet av puppestadiet.

ØkologiEndra

 
Empis livida.

Tovengene er ei enorm gruppe dyktige flygarar med særs godt syn. Ein finn representantar frå gruppa om lag overalt i heile verda, bortsett frå i det opne havet, og på dei fleste trofiske nivå. Somme av artane er i stand til å trivast i særs tøffe miljø, til dømes i små oljekjelder, varme kjelder, saltsjøar og grunt vatn i havet.

Sidan gruppa er så talrik og så vidt utbreidd, er ho særs økonomisk viktig for menneske. Dei er viktige berarar av ei rekkje sjukdommar, til dømes sovesjuke, malaria og gulfeber, og er ved mange høve forferdelege skadedyr i landbruket. Husdyr har rett som det er problem med å bli infisert av tovengelarvar allereie før dei døyr. Andre artar er økologisk gunstige, sidan dei er viktige pollinatorar, eller parasittar og predatorar på skadedyr.

Evolusjon og systematikkEndra

Tovengene er særs avanserte insekt reint evolusjonshistorisk, det vil seie at dei er særs ulike stamfedrane sine. Ein tenkjer seg ofte at dei stammar frå gruppa Mecoptera (skorpionfluger) eller ei nærskyld gruppe. Dei første moderne utsjåande tovengene dukka opp i midten av triasperioden, og dei vart fort vanleg utbreidde.

Ein delar vanlegvis tovenger i to underordenar: Nematocera, som stort sett består av ymse myggar og knottar, og Brachycera, som består av dei artane me vanlegvis kallar ekte fluger. Ein reknar med at Nematocera er parafyletisk, og at Brachycera oppstod som ein del av gruppa.

Ein har klassifisert 218 familiar av tovenger, 43 av desse er utdøydde.

KjelderEndra