Cummings Cove
Cummings Cove er ei vik mellom Jebsen Point og Porteous Point på vestsida av Signy Island i Sør-Orknøyane. Ho vart grovt kartlagd av Discovery Investigations i 1933 og kartlagd på ny i 1947 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Ho vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter E.T. Cummings frå FIDS, som var radiooperatør i Cape Geddes i 1946 og ved Deceptionøya i 1947.
Cummings Cove | |||
vik | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 60°44′S 45°41′W / 60.733°S 45.683°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cummings Cove 60°44′00″S 45°41′00″W / 60.7333°S 45.6833°W | |||
Den britiske Cummings vitskaplege hytte ligg ved Cummings Cove ved 60°43′45″S 45°39′50″W / 60.72917°S 45.66389°W. Ho vert ofte vitja av personell frå British Antarctic Survey frå Signy Station. Ho har plass for to personar og mat og brensel for to månader.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cummings Cove» frå Wikipedia på engelsk, den 19. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cummings Cove» (innhald frå Geographic Names Information System).