Cupfinalen i fotball 1996/Menn

Cupfinalen i fotball 1996 var den 91. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Tromsø Idrettslag vart noregsmeister for andre gong då laget vann 2–1 over Bodø/Glimt. Finalekampen vart spelt 26. oktober 1996 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 22 683 tilskodarar. Terje Haugbø frå Lyngbø Idrettslag dømde kampen. Det er einaste gongen ein NM-finale har stått mellom to nordnorske lag.

Kampen

endre

Runar Berg sende Bodø/Glimt i føringa då han fem minutt ut i andre omgang dreiv fram gjennom Tromsø-forsvaret og frå høgresida skaut i motsett hjørnet frå 7-8 meter. Fyrst i det 79. minutt makta Ole Martin Årst utlikne til 1–1 då han etter møljespel innom femmeteren frå 7 m druste ballen opp i hjørnet. Sigurd Rushfeldt vart matchvinnar for Tromsø då han i sluttsekunda stanga eit frispark frå motsett banehalvdel over Glimt-målvakta og i nettmauskane.

Tromsø sitt vinnarlag bestod av Tor Andre Grenersen (kaptein), Jonny Hanssen, Arne Vidar Moen, Steinar Nilsen, Morten Kræmer, Robin Berntsen, Bjørn Johansen, Per Egil Swift, Thomas Hafstad, Sigurd Rushfeldt, Ole Martin Årst. Steinar Nilsen gjekk av bana i pausen, inn kom Stian Larsen. I det 76. minutt vart Bjørn Ludvigsen bytta inn, ut gjekk Jonny Hanssen.

Bodø/Glimt stilte med Rohnny Westad, Ola Haldorsen, Bent Inge Johnsen, Cato André Hansen, Andreas Evjen, Runar Berg, Ørjan Berg, Thor Mikalsen, Aasmund Bjørkan, Stig Johansen og Jan Derek Sørensen. Terje Ellingsen spelte det siste kvarteret i staden for Sørensen.

Kjelder

endre
  • Sportsboken 96-97. Chr. Schibsteds Forlag. 1996.