Ole Martin Årst

norsk fotballspelar

Ole Martin Årst (fødd 19. juli 1974) er ein norsk tidlegare fotballspelar som er best kjend for sine tre periodar som Tromsø-spelar. Angrepsspelaren Årst vart norsk meister med laget i 1996. I åra frå 2000 til 2007 spelte han 22 landskampar for Noreg og skåra to mål.

Ole Martin Årst
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juli 1974 (49 år)
Bergen
Yrke fotballspelar
Høgd 190 centimeter

Klubbspel endre

Årst spelte for Tromsø 1995-97, 2003-07 og 2012-13. Han vart toppskårar i den norske eliteserien i 2005. Elles var han i si karriere innom dei norsk laga Skarp, Sogndal IL og IK Start, samt svenske Mjällby og dei belgiske klubbane RSC Anderlecht, Gent og Standard Liège.

Landslagsspel endre

Frå vinteren 2000 til vinteren 2007 aksla Årst den norske landslagstrøya 22 gongar, men einast fem gongar i viktige kvalifiseringskampar. Han skåra Noregs mål då det vart tap 1-2 mot Skottland i VM-kvalifiseringskamp på Ullevaal stadion i 2005, og då Noreg tapte med dei same siffera mot Mexico i San Francisco i 2006.

Kjelder endre