Runar Berg

norsk fotballspelar

Runar Berg (fødd 7. oktober 1970) er ein norsk tidlegare fotballspelar, fødd i Haag i Nederland, som er best kjend frå sine år i Bodø/Glimt og i Rosenborg Ballklub. Han deltok i fem i landskampar for Noreg i tida 1994-2003. Berg er son til Harald Berg, og yngre bror til Ørjan Berg.

Runar Berg i Glimt-drakt

Klubbspel endre

Midtbanespelaren Berg debuterte for andredivisjonslaget Bodø/Glimt i 1987-sesongen. Etter at laget rykte ned til 3. divisjon i 1989, melde han overgang til Rosenborg før 1990-sesongen. Her fekk han heller lite speletid, men var med å vinne cupfinalen, ein kamp der han kom inn i 2. omgang i staden for broren Ørjan. I 1991-sesongen spelte Runar Berg i Tromsø Idrettslag. Frå 1992 til -96 var han atter Glimt-spelar og var sentral då laget i 1992 vann A-avdelinga på nivå to og kunne spele i eliteserien frå 1993. Hausten 1993 vann Glimt cupfinalen på Ullevaal stadion i Oslo med 2-0 over Strømsgodset Idrettsforening. Tre år seinare var Berg og Glimt tilbake på Ullevaal, men då vart det finaletap mot Tromsø.

Dei tre sesongane 1997, 1998 og 1999 markerte Berg seg på midtbana til Rosenborg, Noregs suverene topplag som kvar sesong tok heim seriegullet, i 1999-sesongen også NM-gullet. I august 1999 vart han overført til Venezia FC i Serie A. Den italienske klubben hadde økonomiske vanskar, så etter at det vart nedrykk våren 2000, vart Berg fristilt hausten 2000 og spelte 2001-sesongen på norske Lyn i Oslo, ein klubb far hans spelte på i 1960-åra.

Frå 2002 til han la opp hausten 2010 var Berg ein sentral figur i eit Glimt-lag som veksla mellom å spele i eliteserien og på nivå to. Med overblikk, ballkontroll og presise pasningar, samt løpsstyrke og engasjement spelte han ei viktig rolle i laget.

Då Bodø/Glimt og andre idrettslag i Bodø i 2006 sleit med økonomien, gav Berg til saman kr 100 000 fordelt til høvesvis Bodø/Glimt, barneavdelinga ved sjukehuset i Bodø, idrettslaget Grand Bodø og Bodø Håndballklubb. I 2009-sesongen valde Berg å late si eiga løn på kr 750 000 verte ståande i Bodø/Glimt, for å hjelpe klubben ut av eit økonomisk uføre.

Landslagsspel endre

Berg spelte to vennskaps-landskampar vinteren 1994 og like mange vinteren 1995. Åtte år og ni månader seinare deltok han i Valencia i sin femte og siste landskamp då Noreg tapte 1-2 for heimelaget i ein EM-kvalifiseringskamp, eit fem minuttar langt innhopp på tampen av oppgjeret.

Berg la opp i 2010.

Kjelder endre