Cupfinalen i fotball 2001/Menn

Cupfinalen i fotball 2001 var den 94. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalenkampen vart spelt sundag 4. november på Ullevaal stadion i Oslo framfor 25 823 tilskodarar. Viking Fotballklubb frå Stavanger sikra seg kongepokalen for femte gong, laget slo Bryne Fotballklubb 3–0. Kjell Alseth frå Stjørdals-Blink dømde finalen.

Kampen

endre

Allereie etter fire minutt leia Viking 1–0, Bryne-målvakta slo eit hjørnespark i eige mål. Morten Berre la på til 2–0 då kampen var 56 minutt gammal. Eit kvarter seinare nikka finske Hannu Tihinen eit hjørnespark rett inn i Bryne-målburet og kampen var avgjort.

Viking sitt meisterlag bestod av Bo Andersen, Bjørn Dahl, Hannu Tihinen, Toni Kuivasto, Thomas Pereira, Tom Sanne, Trygve Nygaard, Brede Hangeland, Morten Berre, Erik Nevland, Jørgen Tengesdal. I løpet av dei siste 11 minutta av kampen fekk, etter tur, Bjørn Berland, Kristian Sørli og Bjarte Aarsheim sleppe inn på bana.

Bryne-spelarane heitte Roger Eskeland, Anders Friberg, Knut Henry Haraldsen, Marcus Andreasson, Ole Hjelmhaug, Pål Håpnes, Jonas Jonsson, Lasse Strand, Kai Ove Stokkeland, Pierre Gallo, Dejan Pavlovic. Kenneth Giske, Geir Atle Undheim og Peter Olofsson vart bytta inn 32, 26 og 17 før full tid, ut måtte Stokkeland, Strand og Friberg gå.

Kjelder

endre