Cupfinalen i fotball 1975/Menn
Cupfinalen i fotball 1975 var den 70. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Bodø/Glimt vart noregsmeister etter at laget vann 2–0 over Sportsklubben Vard frå Haugesund. Finalekampen vart spelt 25. oktober 1975 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 22 681 tilskodarar. Kaare Lindboe frå Sportsklubben Vidar var dommar. Det var fyrste gongen eit nordnorsk lag spelte finale i noregsmeisterskapen i fotball. Begge finalistane spelte i 2. divisjon den sesongen.
Kampen
endreBodø/Glimt opna forsiktig, før dei flinke midtspelarane til laget tok grep om spelet ut over i 1. omgang. I det 70. minutt stupte innbytaren Sturla Solhaug fram på eit innlegg og skalla Glimt i leiing frå 4-5 meters hald. Vard makta ikkje svar og Arne Hanssen la på til 2-0 i det 87. minutt med ein hard markkrypar.
Laga
endreBodø/Glimt sitt historiske vinnarlag bestod av Jon Abrahamsen, Tor Eriksen, Einar Kolstad, Odd Bjørn Kristoffersen, Trond Tiedemann, Arild Olsen, Harald Berg, Jakob Klette, Ove Andreassen, Arne Hanssen og Terje Mørkved. Sturla Solhaug kom inn for Andreassen etter 57 minutt, og Trygve Nygård fekk Mørkved sin plass dei siste fem minutta.
Vard-spelarane heitte Hans Høie, Leo Austevik, Tor Olav Wiig, Kolbein Oddenes, Per Sønstabø, Egil Severeide, Rune Ottesen, Paul Reine, Åge Risanger, Arne Larsen Økland, Helge Hustvedt. Svein Hammerø kom inn for Hustvedt etter 60 minutt, medan Ernst Fosen fekk siste fire minutta i staden for Austevik.
Kjelder
endre- Sportsboken 75. Dreyerbok Stavanger. 1975.
- Nordlands Framtid 26. oktober 1975