Cupvinnarcupfinalen i fotball 1972
Cupvinnarcupfinalen i fotball 1972 fann stad på Camp Nou i Barcelona 24. mai 1972, framfor 24 701 tilskodarar. Rangers FC frå Glasgow vann finalen, den 12. i sitt slag, med siffera 3-2 over Dynamo Moskva.
Kampen
endreColin Stein gav Rangers leiinga i det 23. minutt. Willie Johnston la på til 2-0 i det 40. og til 3-0 i det 49. minutt av kampen. Vladimir Esjtrekov reduserte så til 1-3 i det 60. minutt og Aleksandr Makhovikov til 2-3 fire minuttar før tida var ute, nærare utlikning kom ikkje Dynamo Moskva.
José María Ortiz frå Spania dømde kampen. Ettersom han dømde også Cupvinnarcupfinalen 1968, vart han den einaste som var kampleiar i to ulike finalar i turneringa.
Laga
endreRangers sitt vinnarlag var: Peter McCloy, Sandy Jardine, John Greig (kaptein), Derek Johnstone, Willie Mathieson, David Smith, Tommy McLean, Alex MacDonald, Alfie Conn, Colin Stein og Willie Johnston.
Dynamo Moskva mønstra: Vladimir Pilguj, Vladimir Basalajev, Oleg Dolmatov, Valerij Zykov (kaptein), Vladimir Dolbonosov, Jevgenij Zjukov, Jozjef Sabo, Aleksandr Makhovikov, Anatolij Bajdatsjnij, Andrej Jakubik og Gennadij Jevrjuzjikhin. Etter høvesvis 55 og 68 minuttars spel entra Vladimir Esjtrekov og Mikhail Gersjkovitsj bana, ut gjekk fyrst Jakubik og så Dolbonosov.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1972 European Cup Winners' Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2018.