Sandy Jardine

britisk fotballspelar

William Pullar Jardine, kjend som Sandy Jardine, (31. desember 194824. april 2014) var ein skotsk fotballspelar som vann Cupvinnarcupen 1972 og mange nasjonale pokalar med Rangers FC. Jardine spelte 38 landskampar for Skottland i tida 1970-79.

Sandy Jardine
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 31. desember 1948
Edinburgh
Død

24. april 2014 (65 år)
Edinburgh

Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Språk engelsk
Høgd 175 centimeter

Klubbspel endre

Jardine ligadebuterte i januar 1967 på midtbana til Rangers FC. Same våren var han på plass då Rangers møtte Bayern München i finalen i Cupvinnarcupen 1967, ein kamp det vesttyske mannskapet vann etter eit einsleg mål i ekstraomgangane. Fem år seinare var Jardine høgreback då Glasgow-klubben på ny spelte finale i cupvinnarcupen. Den 24. mai 1972 kunne han og lagkameratane heve pokalen etter å ha vunne med 3-2 mot Dynamo MoskvaCamp Nou i Barcelona. Frå våren 1973 til 1981 var Jardine delaktig i fem sigrar i den skotske cupen og tre liagmeisterskap.

Etter 451 ligakampar og 42 ligamål for Rangers FC, fekk Jardine i 1982 kontrakt med Hearts. Dei neste seks sesongane var han aktiv på laget frå Edinburgh. Vinteren 1988 avslutta han tida som fotballspelar, 21 år etter han fekk sin ligadebut. Han spelte i alt 972 obligatoriske klubbkampar og fann nettmauskane i 80 tilfelle.

Landslagsspel endre

Jardine deltok i 38 landskampar frå debuten i november 1970 til han fekk sitt siste landslagsoppdrag i desember 1979. Han skåra sitt einaste landslagsmål då han 14. mai 1974 fastsette sluttresultatet til 2-0 mellom Skottland og Wales i den britiske fotballmeisterskapen. Jardine spelte alle tre VM-kampane til Skottland i 1974, men berre ein kamp i Argentina-VM 1978. Han var lagkaptein for Skottland i ni kampar, flestalle i 1975 og 1979.

Merittar endre

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1972 med Rangers FC
  • Skotsk seriemeister: 1975, 1976, 1978 med Rangers FC
  • Skotsk cupmeister: 1973, 1976, 1978, 1979 og 1981 med Rangers FC

Kjelder endre