Cupvinnarcupfinalen i fotball 1974

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1974 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 8. mai 1974, framfor 4 641 tilskodarar. FC Magdeburg vann finalen, den 14. i sitt slag, med siffera 2-0 over AC Milan.

Kampen

endre
Lagoppstillingane

Eit sjølvmål i det 42. minutt gav Magdeburg leiinga til pause. I den andre omgangen la Wolfgang Seguin på til 2-0, utan at Milan makta pynte på sluttresultatet.

Arie van Gemert frå Nederland dømde kampen.

Magdeburg sitt vinnarlag bestod av: Ulrich Schulze, Detlef Enge, Manfred Zapf (kaptein), Helmut Gaube, Wolfgang Abraham, Jürgen Pommerenke, Wolfgang Seguin, Axel Tyll, Detlef Raugust, Jürgen Sparwasser og Martin Hoffmann.

Milan stilte med: Pierluigi Pizzaballa, Angelo Anquiletti, Enrico Lanzi, Karl-Heinz Schnellinger, Giuseppe Sabadini, Aldo Maldera, Romeo Benetti, Gianni Rivera (kaptein), Carlo Tresoldi, Alberto Bigon og Franco Bergamaschi. Bergamaschi spelte ein time før han måtte vike for Alessandro Turini.

Kjelder

endre