Curlyhest (eng. Curly Horse) er ein amerikansk hesterase med kort, krøllete pels som viktigaste kjenneteikn. Den særskilde pelsen gjer han mindre allergiframkallande enn andre hestar.

Curlyhest.

Krøllene er forårsaka av eit dominant gen, og er særleg tydelege om vinteren, når pelsen er lang og kan minna om saueull. Curlyhestane mister vinterpelsen om sommaren og får kortare hår som ikkje alltid krøller seg. Manen, luggen og håret i øyrene vil derimot krølla seg året rundt.

Hestetypen oppstod truleg av seg sjølv gjennom ein mutasjon. Amerikanske gardseigarar oppdaga ville hestar med slikt krøllete hår, og tok til å avla på dei. I 1971 blei American Bashkir Curly Registry grunnlagd for å verna om typen og hindra at for mange av hestane blei slakta. Rasen er no delvis standardisert, men finst i mange ulike storleikar og fargar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre