Pels eller fell er eit tett, ofte mjukt hårlag som dekkjer store delar av skinnet til mange pattedyr. Pels kan òg visa til pelsverk, materialet ein får om ein flår pelsdyr og lét håra sitja att, og ein del klede laga av dette. Pels blir mellom anna brukt til isolasjon, kamuflasje og signalisering.

Pelsen på ein sau kan brukast til ull.
Nærbilde av den mønstra pelsen til ein sjiraff.

Skildring endre

Pattedyrpelsen består av ulike typar hår, ofte fordelt i to ulike hårlag, bygd opp av keratin. Keratin er det same stoffet som horn, hår, hóvar, klauvar, fjører og nebb er laga av. Ein finn også tette hår på ein del leddyr, som humler, nattsvermarar og nokre artar av edderkopper. Desse håra er danna av kitin, ikkje keratin.

Pelshår blir danna av hårlaukar nede i huda. Håra veks opp gjennom hudoverflata, der dei viser seg som hårstrå. Etter kvart blir hårlauken tilbakedanna, og hårstrået blir liggjande i ein hårsekk. Deretter byrjar danninga av ein ny hårlauk i botnen av hårsekken. Hårstrået er no heilt laust, og er i den såkalla kvilefasen, der det kan falla av (røyting) kva tid som helst. Hårvekst og hårtap er ein kontinuerleg prosess, men han blir påverka av mange faktorar som lys, varme, kulde, stress, kosthald, hormon, allergi og ulike sjukdommar.

Pelsfarge, mønster, lengd og kvalitet blir bestemd genetisk gjennom at eigenskapar er arvelege, og nokre eigenskapar er dominante i høve til andre. Mange dyr har kamuflasjefarge- eller mønster påverka av miljøet dei naturleg høyrer heime i. Dyr som lever i område som blir snødekte om vinteren har ofte éin sommarfarge og éin vinterfarge. Skiftet mellom sommar- og vinterpels finn stad basert på daglengde og er ein funksjon av døgnrytmen. Hjå husdyr kan ein finna mange pelsvariasjonar som er dyrka fram gjennom selektiv avl.

 
Piggpelsen til eit holepiggsvin.

Undepels og dekkpels endre

Underull eller underpels er eit botnlag med grunnhår danna av korte, ulne hårstrå. Hårlaget i underpelsen består ofte av krøllete, tett behåring som er kortare enn vernehåra i den lengre dekkpelsen. Hovudoppgåva til underpelsen er å spara energi gjennom å varmeisolera dyret. Nyfødte og svært unge dyr manglar gjerne underull, og må isolerast på andre måtar.

Det øvre laget med vernehår er ofte kalla dekkhår eller dekkpels. Håra er lengre enn i hårlaget i underpelsen, og som oftast slettare, glattare og grovare. Dekkhåra veks ut gjennom underpelsen og legg seg som eit vernande, ofte vatn- og smussavstøytande lag over han. Dekkpelsen er normalt den mest synlege og er ofte sterkare pigmentert enn underpelsen. Nokre artar kan få så stive dekkhår at behåringa blir kalla piggar eller pinnar, til dømes piggsvin.

Hårdekket hjå dyr er ofte arrangert i grupper, danna av sentrale dekkhår omgjevne av tunnare og kortare underull. Tettleiken til hårlaget kjem an på av art, underart, rase, varietet, den generelle kondisjonen til dyret og årstida.

 
Pampashare som slikkar seg.

Pelspleie endre

Ville dyr kan stella pelsen sin sjølv eller, hjå sosiale dyr, på kvarandre. Som oftast skjer pelsstellet gjennom slikking av dei kroppsdelane som treng stell, eventuelt i kombinasjon av slikking direkte på pelsen og væting av ein labb som så blir brukt til å reinsa område der dyret ikkje kjem til med tunga. Nokre dyr kan også bada i vatn eller sand for å halda seg reine.

 
Bad av hund.

Tamdyr kan få hjelp av menneske til å stella pelsen. Hjå husdyr med svært tjukk pels, som langhåra kattar og angorakaninar, er slik hjelp ofte naudsynt.

Pelsdyr har eit vernande feittlag som dekkjer hårstråa og er med på å isolera mot kulde og regn; det kan svekkjast ved bruk av såpe. Det finst ulike såper tilpassa pelsdyr.

Pattedyr utan pels endre

Ikkje alle pattedyr har pels. Nokre er nesten heilt hårlause, som delfinar, kvalar og nakenrotter, andre har tynnare eller striare hårdekke, som elefantar, menneske og svin. Det finst også døme på hårlause rasar av dyr som elles har pels, som nakenhundar, sphynx eller nakenkatt og hårlause marsvin. I desse høva kjem pelsmangelen truleg av ein mutasjon som gjev arveleg hårløyse.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pels