Dåpsengel i slottskapellet i Bodenstein, Tyskland
Dåpsengelen i Dolstad kyrkje
Dåpsengel i St. Godeberti Bebertal

Ein dåpsengel er ein barokk figur, oftast skoren i tre, mannsstor og utstyrt med eit dåpsfat.

Dåpsenglar vart vanleg i lutherske kyrkjer i løpet av 16- og 1700-talet, spesielt i Tyskland, Danmark og Sverige. Ein typisk dåpsengel heng i taket, og ved hjelp av ein taumekanisme vert engelen fira ned som ein del av dåpseremonien. Det finst òg ståande og knelande dåpsenglar. Vanlegvis held dei dåpsfatet i hendene, men nokre ber dåpsfatet på hovudet. Dåpsengelen framstår som ein brybyggjar mellom himmelen og jorda når han held fram fatet med dåpsvatnet i.

Treskurden vart ofte utførte av lokale handverkarar, og figurane vart måla av målarmeistarar. Dåpsenglane liknar gjerne eit menneske med venger. I opplysningstida vart slike figurar omstridde, både av teologiske og kunstnarlege grunnar, og i mange kyrkjer gjekk dei ut or bruk.

Dåpsenglar i norske kyrkjerEndra

Dåpsenglar har ikkje vore like mykje brukte i norske kyrkjer som i nabolanda. Det er likevel nokre kyrkjer med dåpsenglar, og i Dolstad, Jondal og Voss kyrkjer er dei enno i bruk.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra