Opna hovudmenyen

Jondal kyrkje

kyrkje i Jondal kommune

Koordinatar: 60°16′40″N 6°15′22″E

Jondal kyrkje
kyrkje
Jondal kirke fra RA.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Jondal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Jondal
Fellesråd Jondal
Type Langkyrkje
Arkitekt Solem/T. Tengesdal[1]
Material Tre
Innvigd 18. juli 1888[2]
Tårn I vest
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Dåpsengel, truleg frå slutten av 1700-talet.
Altartavle Frå 1887, av Nils Bergslien[3]
Sitjeplassar 700[1]
Wikimedia Commons: Jondal kirke

Jondal kyrkje står i Jondal sentrum i Jondal kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1888. Kyrkja er med sine 700 sitjeplassar den største i Hardanger, og ho vert òg kalla Hardangerkatedralen.

Jondal kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Jondal kyrkje

Altertavla syner nedtakinga av Jesus frå krossen, og er måla av Nils Bergslien.

Jondal kyrkje er soknekyrkje i Jondal sokn i Hardanger og Voss prosti. Ho er den einaste kyrkja tilhøyrande Den norske kyrkja i kommunen, men Herand bedehus i Herand er òg vigsla til kyrkjeleg bruk.

Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld.

Tidlegare kyrkjer i JondalEndra

 
Gamlekyrkja som vart riven i 1887

Den noverande kyrkja er den tredje kjende på staden, og det har vore kyrkje i Jondal sidan mellomalderen. Den fyrste var ei stavkyrkje som finst nemnd i kjelder frå 1309. Mellomaldekyrkja stod til 1725 då ho vart riven fordi ho var i dårleg stand. Ho vart erstatta av ei lafta kyrkje som stod til ho vart riven i samband med bygginga av den noverande kyrkja i 1888.

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Jondal kyrkje». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 363. ISBN 82-7527-022-7. 
  2. «Om Jondal kyrkje på nettstaden disnorge.no».  Vitja 4. august 2009
  3. «Norges kirker: «Jondal kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 4. august 2009

BakgrunnsstoffEndra