Dønnes kyrkje
(Omdirigert frå Dønnes kirke)
Dønnes kyrkje er ei steinkyrkje på Dønnes i Dønna sokn, innvigd like før 1200. Ho vart ombygd i 1866 og delvis restaurert på 1970-talet.
Dønnes kyrkje | |||
Dønnes kirke | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
Prosti | Nord-Helgeland | ||
Sokn | Dønna | ||
Fellesråd | Dønna | ||
Type | Langkyrkje | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | Like før 1200 | ||
• Endringar | Påbygd kring 1550 og i 1865 | ||
Takryttar | Laukkuppel | ||
Preikestol | Frå kring 1550 | ||
Altartavle | Krusifiks frå mellomalderen | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Dønnes kyrkje 66°12′13″N 12°35′15″E / 66.2037°N 12.5875°E |
Dønnes kyrkje har eit gravkapell med 22 balsamerte lik. Dette var godseigarfamilien Coldevin sin familiegravstad fram til midten av 1800-talet.
Dønnes kyrkje er ei av fleire kyrkjer i Dønna. Det er gudsteneste i denne kyrkja om lag annankvar søndag. I ein uhøgtidleg NRK-konkurranse vart ho desember 2006 kåra til den vakraste kyrkja i Nord-Noreg.
Galleri
endre-
Kyrkja sett frå aust
-
Kyrkja sett frå nord
-
Mot koret
-
Altarpartiet
-
Den tidlegare altartavla hadde ein kopi av «Oppstoda» av Tidemand.
-
Maria med barnet
Bakgrunnsstoff
endre- Axel Coldevin (1974). Dønnes kirke gjennom 800 år. Komiteen for restaurering av kirken.
- Kyrkjesøk
- Dønnes kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
- Dønna kyrkjelyd om Dønnes kyrkje
- Elin Åsbakk Lind: Norges største mausoleum: Åpnet kistene som modighetsprøve; NRK.no, 5.3.2019
- Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket