Daugavpils

(Omdirigert frå Dünaburg)

Daugavpils er den nest største byen i Latvia etter Riga med om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 230 km søraust for hovudstaden Riga, ved breidda av elva Daugava. Daugavpils har ei strategisk plassering på og grensar til både Kviterussland og Litauen, i tillegg til at Russland berre ligg 120 km unna. Byen er omgjeven av mange innsjøar.

Daugavpils
Daugavpils i 1912.
Daugavpils i 1912.
Daugavpils i 1912.
Flagget til Daugavpils Byvåpenet til Daugavpils
Flagget til Daugavpils Byvåpenet til Daugavpils
Styresmakter
Land Latvia
Grunnlagd 1275
Geografi
Flatevidd 63,38, 72,37 km²
Flatevidd
 - By
   - Vatn

72,48 km²
  9,75 km²
Innbyggjarar
 - By (2016)
   - folketettleik

95 467
  1 317/km²
Koordinatar 55°53′N 26°32′E / 55.883°N 26.533°E / 55.883; 26.533
Diverse anna
Postnummer LV-540-LV-5465
Telefon-retningsnummer 54
Heimeside: http://www.daugavpils.lv
Plassering
Plassering av Daugavpils
Plassering av Daugavpils

Historie endre

Byen si historie byrjar i 1275 då steinborga Dinaburg (Dünaburg) vart bygd av den liviske riddarordenen i landområde som formelt var underlagde Storfyrstedømet Litauen. Som ein del av Det russiske keisardømet vart han kalla Borisoglebsk (1656-1667) og Dvinsk (1893-1920). Byen vart omdøypt til Daugavpils i 1920 då han vart ein del av det sjølvstendige Latvia. Byen var åstad for slaget ved Daugavpils frå 1919 til 1920. Dvinsk var okkupert av Russland i 1940-41 og av nazistane i 1941-44. Jødane i byen gjorde sterk motstand mot tyskarane i denne perioden. Under den kalde krigen låg flybasen Lotsaki 12 km nordaust for byen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Daugavpils frå Wikivoyage