Düren
Rådhuset i Düren
Rådhuset i Düren
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Düren
Düren is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Köln
Düren
Geografi
Flatevidd
 - By

85,02 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

92 614
  1 089/km²
Koordinatar 50°48′0″N 06°29′0″EKoordinatar: 50°48′0″N 06°29′0″E
Høgd over havet 125 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 52349/52351/52353/52355
Telefon-retningsnummer 02421
Bilnummer DN
Heimeside: www.dueren.de

Düren er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg i landkreisen med same namn mellom Aachen og Köln ved elva Rur.

HistorieEndra

Keltarar hadde ein liten busetnad her kalla Durum for meir enn 2000 år sidan. Etter keltarane busette andre germanske stammer seg i området, og dei vart erobra av romarane under Julius Cæsar.

Durum vart eit forsyningsområde for den raskt veksande romerske byen Köln. I tillegg låg Durum ved fleire viktige romerske vegar. Romarane var i området i om lag 400 år. Namnet Villa Duria dukka for første gong opp i frankiske årbøker i år 747.

Etter romarane drog bort frå staden på 400-talet kom frankarar til Düren. Den frankiske kongen Pippin den yngre vitja ofte Düren på 700-talet og heldt eit par viktige konferansar her. Pippin var far til den kjende Karl den store. Frankarane bygde eit kongeleg palass i Durum, som namnet Pfalz kjem frå. Karl den store oppheldt seg òg eit par gongar i byen. Slottet vart bygd der kyrkja St. Anne står i dag.

Tidleg på 1200-talet fekk Düren byrettar. Rundt 1200 byrja bygginga av bymurar med tolv tårn og fem portar. Det finst framleis ruinar av byportane i dag.

Tjuven Leonhard stal ein liten boks med leivningane av St. Anne frå Mainzer Stiftskirche St. Stephan i 1501 og førte dei til Düren. Pave Julius II avgjorde 18. mars 1506 at Düren kunne få ha leivningane. Dei vart halde i Martinskirche, som fekk namnet Annakirche i 1505. St. Anne vart vernehelgenen til Düren. Kvart år frå den 26. juli vert St. Anne feira i ei veke med ein av dei største folkefestane i Tyskland.

I 1642 vart Düren trekt inn i trettiårskrigen, og troppar på begge sider øydela byen. Etter krigen tok slutt i 1648 braut det ut pest i byen som tok mange liv. Ein annan epidemi råka byen i 1665.

Økonomien i området rundt Düren vart frå 1400-talet styrt av kleshandel og metallindustri. Sidan byrjinga av 1600-talet har det vore papirindustri her, som har nytta det svært blaute vatnet i Rur. Rütger von Scheven bygde den første papirfabrikken i Düren. I 1812 var det alt 17 papirfabrikkar, 11 kles- og teppefabrikkar, ein platikator og to jernstøyperi.

I 1794 vart Düren okkupert av franske revolusjonsstyrkar. Etter Wienerkongressen vart Düren avstått til Preussen i 1815.

I 1900 var Düren ein av dei rikaste byane i Tyskland med 42 millionærar og 93 fabrikkar og eit folketal på 27 168. Mindre enn hundre år tidlegare budde berre 5 000 menneske i Düren.

Under den andre verdskrigen vart slaget om Hürtgenwald utkjempa i området rundt Düren, og 16. november 1944 vart byen totalt øydelagd under eit alliert bombetokt. Om lag 3 000 innbyggjarar mista livet. Dei som overlevde vart evakuert til sentrale delar av Tyskland.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Düren