Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina

(Omdirigert frå DFLP)

Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina (DFLP) er ein palestinsk politisk og militær organisasjon. Han bygde før på kommunismen, men er no meir allment sosialistisk. DFLP vart skipa i 1969, som ei utbrytargruppe frå PFLP. DFLP er med i PLO.

Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina

LandPalestina
Partileiar(ar)Nayef Hawatmeh
GrunnleggjararNayef Hawatmeh
Grunnlagt1969
Ideologimarxisme-leninisme-maoisme, palestinsk nasjonalisme, antisionisme, arabisk nasjonalisme, kommunisme, antiimperialisme, sekularisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstreekstremisme

DFLP er først og fremst aktiv mellom palestinarar i Syria og Libanon, men har òg eit visst nærvær på Vestbreidda og i Gaza.

Målet til organisasjonen har vore å opprette ein felles demokratisk stat for palestinarar og jødar, men dei har godteke forhandlingar med Israel om ei tostats-løysing, og seier ein felles stat er meir ein «visjon» for ei fjernare framtid.

DFLP har ei væpna grein, men har sidan 1970-talet teke avstand frå åtak på sivile, og berre gjort operasjonar mot soldatar på okkupert område. Sjølvmordsbombing og åtak inne i sjølve Israel tek dei sterkt avstand frå.

Ved valet i 2006 gjekk dei saman med Det palestinske folkepartiet og FIDA i venstrealliansen Alternativet (al-Badeel).

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre