Josh Davis, også kjent som DJ Shadow (fødd 29. juni 1972) er ein diskjockey, produsent og låtskrivar frå California. Han er kjend for sin unike musikkstil som er ein kombinasjon av mellom anna funk, rock, hip-hop, ambient og jazz.

DJ Shadow

Statsborgarskap USA
Fødd 29. juni 1972 (51 år)
Hayward, San Jose i California
Yrke klubb-DJ, komponist, DJ, musikkprodusent
Språk engelsk
Nettstad http://www.djshadow.com, http://www.nobodyspeak.com
DJ Shadow på Commons

Debut endre

Davis voks opp i Hayward i California, og vart tidleg tiltrekt av hip-hop laga av diskjockeyar ved hjelp av turntables og samplemaskiner. Allereie som tenåring laga han sine eigne samples og songar ved hjelp av ein enkel samplingsmaskin. Nyskapande musikk til trass, det var først når han flytta til Nord-California at hans eigen musikk vart utgjeven. Etter ei tid på universitetet oppretta han sitt eige plateselskap, og gav deretter ut sine gamle songar gjennom skuleradioen. Han gav ut ein 17 minutt lang hip-hop-symfoni ved namn Entropy i 1993. Songane hans spreidde seg blant ei rekkje diskjockeyar i hip-hop-undergrunnen og vekte til slutt oppsikt hjå plateselskapet Mo' Wax. Dette resulterte til slutt i debutplata Endtroducing.... Plata vart svært godt motteken av kritikarar i Storbritannia og Amerika, og har hamna i Guinness rekordbok for første fullsampla album. Etter suksessen med det første albumet gav han ut sine tidlegare singlar tidleg i 1998 på albumet Preemptive Strike.

Framhald i karrieren endre

Etter Preemptive Strike jobba Davis med songar frå andre artistar under same plateselskapet, han jobba m.a. med debut-albumet til UNKLE. Det neste prosjektet han starta var ei utgjeving under hans eige fornya plateselskap, Solesides. Plata fekk namnet Quannum Projects og kom ut i 1999. Det andre soloalbumet hans, The Private Press, kom ut i 2002, nesten seks år etter debutalbumet. Både Endtroducing... og The Private Press hadde likskapstrekk. Dei var unike, men hadde begge Davis sin kunstnariske stil. Difor vart reaksjonane store då det tredje soloalbumet hans kom ut i 2006, The Outsider. Her fekk han hjelp av lokale rapparar og musikkstilen var totalt endra frå tidlegare arbeid, noko som vekte sterke motreaksjonar, samtidig som han vann nye tilhengjarar.

Album endre