DS «Lofoten» (1873)

norsk dampskip frå 1873, frå 1894 «Vesta»

DS «Lofoten» før namnebytet i 1894.
Karriere  Noreg
Namn: DS «Lofoten»
Verft: Bergen Mek. Verksted i Bergen
Byggekostnad: 52 000 spesidalar
Verftsnummer: 28
Sjøsett: 1873
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JPMC
Lagnad: Opphogd 1927
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 687 brt, 419 nrt
Daudvekt: 420 tdw
Lengd: 54,7 m
Breidd: 7,8 m
Djupgang: 6,7 m
Installert effekt : 110 NHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (BMV)
Fart: 10,25 knop
Passasjerar: 1: 22 passasjerar
2: 20 passasjerar
Karriere  Noreg
Namn: DS «Vesta»
Eigar: BDS
Omdøypt: September 1894
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ombygging i 1894
Tonnasje: 688 brt, 419 nrt
Daudvekt: 458 tdw
Installert effekt : 127 NHk
Framdrift: Triple 3cyl.
Fart: 10,25 knop
Karriere  Polen
Namn: DS «Trogl»
Eigar: Sarmacaja Steamships Co. Ltd.
Kjøpt: 22. november 1922
Heimehamn: Danzig
Karriere  Polen
Namn: DS «Bug»
Omdøypt: 1923

DS «Lofoten» (kallesignal JPMC) var eit dampskip bygt i 1873 som passasjer- og lasteskip og som det åttande skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Det vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted som det 28. bygget deira og kosta 52 000 spesidalar.

Historie endre

DS «Lofoten» vart sett inn i rute nordover til Nord-Norge. Frå sommaren 1884 gjekk skipet inn i turistfart med to vekentlege ruter mellom Trondheim og Nordkapp i juni og juli. Rutene vart sidan utvida til Bergen.

I september 1894 vart «Lofoten» ombygd med litt større lastekapasitet og ny motor, og vart samstundes omdøypt «Vesta».

I 1906 havarerte «Vesta» ved Drøbak.[1] I 1915 vart skipet bygd om til eit reint lasteskip og passasjerinnreiinga vart fjerna.

Etter første verdskrigen opna fart til Austersjøen seg som ein potensiell marknad for BDS. Dei inngjekk avtale med britiske Walford Baltic Transports og det polske Sarmacaja. Saman med Walford oppretta BDS selskapet Bergenske & Walfort Baltic Transports i London i 1921, men alt i 1922 vart Walford løyst ut slik at det vart Bergenske Baltic Transports. Samstundes overtok Bergenske 45 % av aksjane i Sarmacaja, som så vart bygd opp til eit reiarlag med seks skip. Eit av desse seks skipa var gamle «Vesta», som 22. november 1922 vart overført til Sarmacaja Steamships Co. Ltd. i Polen og fekk heimehamn i Danzig. Det vart då omdøypt «Trogl», før det året etter fekk namnet «Bug». I 1927 vart skipet opphogd.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «D/S Lofoten». Sjøhistorie.no. Henta 1. mai 2019.