Opna hovudmenyen

DS «Olaf Kyrre» var eit passasjerskip som vart overlevert Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) i 1886. Skipet var byggnummer 21 ved Martens, Olsen & Co. i Laksevåg, Bergen, og kontraktsummen var 360 000 kroner. DS «Olaf Kyrre» var det tredje skipet i hurtigrutetrafikk, og gjekk i fast rotasjon i perioden 1899 til 1903. Den 10. juli 1909 grunnstøytte skipet og forliste på Hustadvika mellom Molde og Kristiansund.

DS «Olaf Kyrre»
DS Olaf Kyrre som kongeskip.jpg
DS «Olaf Kyrre» som kongeskip i 1908
Foto: Olaf Andreas Knutsen
Karriere
Type: Passasjerskip
Eigar: Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS)
Registreringshamn: Trondheim
Verft: Martens, Olsen & Co. Laksevåg, Bergen
Jomfrutur: 1886
Kallenamn: JSPW
Lagnad: Forliste i 1909
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 963 tonn
Lengd: 59,7 m
Dekkbreidde: 8,9 m
Djupgang: 6,3 m
Fart: 11 knop
Passasjerar: 200 (1907)
Mannskap: 27 (1907)

Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å gje skipa sine namn etter norske herskarar. Olav Kyrre (Olav III) var konge i Noreg frå 1067 til 1093.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.