Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab

Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) var eit norsk reiarlag som vart stifta 28. januar 1857 i Trondheim. Bak skipinga stod ei rekkje av handelshusa i byen. Føremålet var i første omgang å driva rutetrafikk til Hamburg i Tyskland. Det første fartøyet til reiarlaget var hjuldamparen DS «Nidelven».

DS «Prins Olav» ved Åndalsnes.
Hurtigruteskipet MS «Ragnvald Jarl» med skorsteinfargane til NFDS.
Foto: Willi Schmid
Tankskipet MT «Brusa Jarl III» vart bygd ved Kockums Mekaniska Verkstad i 1964. Skipet segla for NFDS frå 1964 til 1969.
Foto: Trondheim Byarkiv

I 1893 var reiarlaget ein av medstiftarane til Hurtigruten. NFDS hadde eit nært samarbeid med Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS), sjølv om dei òg var rivalar. NFDS dreiv enno andre kystruter og utanlandsruter.

Etter hundreårsskiftet utvikla reiarlaget seg frå å vera eit reiarlaget for lokale handelsinteresser til å satsa breitt på både Hurtigruten, den gryande turisttrafikken og trampfarten. I 1925 kjøpte reiarlaget den britiske kongeyachten Aleksandra og sette den inn i hurtigrutetrafikken under namnet DS «Prins Olav».

Dei to verdskrigane råka NFDS hardt, og reiarlaget mista om lag halvparten av tonnasjen sin, i tillegg til mange medarbeidarar. Frå midten av 1950-åra var flåten intakt igjen og NFDS utvikla seg til ein større shipping-aktør i norsk samanheng. Reiarlaget hadde no interesser i både bulkfart, cruisefart og oljeverksemd.

I 1984 sikra Norcem seg majoriteten i reiarlaget, og slakta det. Reiarlagdelenvart omdøypt Nordenfjeldske Shipping, og vart i 1985 selt til Kosmos AS og formelt underlagt BDS. Det som var igjen av Nordenfjeldske Shipping følgde med på lasset då BDS vart selt til RoNoTro i desember 1988. Hurtigruteskipa vart formelt overført til Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) i august 1989.

NFDS hadde skip i hurtigrutetrafikk frå 1895 til 1989.

KjelderEndra

  • Liv Marit Haakenstad: Slektsgranskerens guide til utvandringen 1825 – 1930. Orion forlag 2008. ISBN 978-82-458-0848-3
  • Myhre, Gaute: Det Nordenfjeldske dampskibsselskab : 150-årsjubileum : et nasjonalt stykke sjøfartshistorie, 2007

BakgrunnsstoffEndra