DS «Rhea»
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Anna» |
Eigar: | Hans Olsen m.fl. |
Verft: | Bergen mekaniske verksted i Bergen |
Verftsnummer: | 92 |
Jomfrutur: | 1895 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LERL |
Generelle mål | |
Tonnasje: | 29 brt, 14 nrt |
Lengd: | 14,3 m |
Breidd: | 3,7 m |
Djupgang: | 2,4 m |
Installert effekt : | 16 nHk, 72 iHk |
Framdrift: | Compound 2 cyl. dampmaskin |
Fart: | 8 knop |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Anna», frå 1903 DS «Rhea» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Kjøpt: | Juni 1899 for 18 630 kr.[1] |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Rhea» |
Eigar: | Johan Muller |
Kjøpt: | Juli 1910 |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Rhea» |
Eigar: | A/S Victor Muller |
Kjøpt: | Januar 1917 |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Rhea» |
Eigar: | Gustav Hansen |
Kjøpt: | Oktober 1955 |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Rhea» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Kjøpt: | Januar 1961 |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Rhea» |
Eigar: | Einar Cook |
Kjøpt: | Oktober 1961 |
Heimehamn: | Bergen |
Lagnad: | Ombygd til kai/lekter 1961 |
DS «Anna» (kallesignal LERL) var eit dampskip bygt i 1895 som slepebåt for Hans Olsen i Bergen. I 1903 vart båten omdøypt «Rhea».
Historie
endreI 1899 vart båten kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 18 630 kroner.[1] I 1903 vart båten omdøypt «Rhea», eit namn båten hadde til han vart ombygd til lekter eller kai i 1961.
BDS kjøpte inn slepebåten etter kvart som skipa i Bergen hamn vart større og traffikken auka. Båten vart selt i juli 1910 til Johan Muller i Bergen, som frå januar 1917 hadde båten i selskapet A/S Victor Muller fram til oktober 1955. Det året tok Gustav Hansen over båten. I januar 1961 kjøpte BDS attende båten, før han i oktober 1961 vart selt til Einar Cook i Bergen for å få maskin og utstyr demontrert. Same månaden vart båten selt til Måløy for å brukast som lekter eller kai.
Skipet
endreTonnasjen til skipet var ved levering 29 bruttoregistertonn og 14 nettoregistertonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin. Oppgjeven yting var 72 iHk (indikerte hestekrefter) og 16 nHk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 8 knop.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 25. Henta 21. september 2019.
- ↑ 1,0 1,1 «D/S Rhea». Sjøhistorie.no. Henta 6. september 2019.