DS «Titan» (1909)

norsk slepebåt
Karriere  Noreg
Namn: DS «Titan»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted i Bergen
Byggekostnad: 30 269 kr[1]
Verftsnummer: 161
Jomfrutur: Desember 1909
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MFVD - LFBY
Lagnad: Truleg opphogd 1961-1963
Generelle mål
Tonnasje: 41 brt, 17 nrt
Lengd: 17,3 m
Breidd: 4,7 m
Djupgang: 2,6 m
Installert effekt : 110 iHk
Framdrift: 2 cyl. compound dampmaskin (BMV)
Fart: 9 knop

DS «Titan» (kallesignal MFVD - LFBY) var ein dampdriven slepebåt bygt i 1909 for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) for bruk på Bergen hamn.

Historie endre

Slepebåten vart levert frå Bergen Mekaniske Verksted i desember 1909 for 30 269 kroner[1] og var i flåten til BDS i Bergen heilt fram til 1958. I september dette året vart båten omdøypt «Musca» og i november vart han selt til Brødrene Anda i Stavanger.[2] Han fekk då namnet «Jadarholm» og vart nytta i samband med opphogging av andre båtar.[3] I 1961 vart båten selt til Abraham Bjellebø i Fjelberg og i 1963 sletta frå skipsregistret.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 41 bruttoregistertonn og 17 nettoregistertonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av BMV. Oppgjeven yting var 110 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Titan». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2019. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 28. Henta 28. desember 2019. 
  3. «Norwegian Homefleet - WW II - Ships starting with Ta through Ti». Warsailors. Henta 28. desember 2019.