DS «Santa Rita»

(Omdirigert frå DS «Ulvik» (1922))

DS «Ulvik» i Hardanger
Karriere  Storbritannia
Namn: DS «Santa Rita»
Eigar: M. J. O'Sullivan
Verft: Grangemouth Dockyard
Sjøsett: 1886
Sett i teneste: 1920
Heimehamn: Cork
Generelle mål
Type: Yacht
Tonnasje: 47 brt
Lengd: 25,3 fot (7,7 m)
Breidd: 4,0 fot (1,2 m)
Djupgang: 2,1 fot (0,6 m)
Installert effekt : 17 nhk
Framdrift: Dobbelsylindra kompoundmaskin
Karriere  Noreg
Namn: DS «Ulvik»
Eigar: HSD
Sett i teneste: 1922
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JQDR/LFEP
Lagnad: Opphogd 1938

D/S «Santa Rita» er eit dampskip levert i 1886 for M. J. O’Sullivan i Cork i Storbritannia som yacht. Skipet vart i 1922 selt til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) for 30 000 kr. og omdøypt DS «Ulvik» for bruk som turistskip på fjordane i Hardanger.

Historie

endre
 
DS «Ulvik» i Eidfjord.

I 1892 vart skipet seld til St. J. E. Daubeny i Kingswear, og i 1894 til George B. Thompson i Dublin. Han døypte skipet om til «Thaïs». Skipet skifta eigarar fleire gonger dei neste åra: Thomas G. Hawley i Coventry (1897), A. W. H. Meyrick i London (1900), C. H. Palenthorpe i Birmingham (1901) og Ellert A. Wallendahl i Bergen i 1903. I april 1922 vart skipet kjøpt av HSD.

Skipet var i teneste for HSD til det vart selt til hogging i Stavanger i 1938.

Kjelder

endre