DS «Lyderhorn»

norsk dampskip
(Omdirigert frå DS Lyderhorn (1878))
Karriere  Noreg
Namn: DS «Lyderhorn»
Verft: Bergens mekaniske verksted i Bergen
Verftsnummer: 44
Sett i teneste: 1878 (for Det Vestlandske Dampskibsselskab)
1883 (for HSD)
Kjennemerke: JQRN
Lagnad: Forliste 1916
Generelle mål
Tonnasje: 232 brt
121 nrt
Lengd: 139,7 fot (42,6 m)
Breidd: 18,1 fot (5,5 m)
Djupgang: 10,6 fot (3,2 m)
Installert effekt : 80 nhk
Framdrift: 2cyl.Comp. (BMV)
Generelle mål etter ny maskin i 1897
Installert effekt : 66 nhk, 450 ihk
Framdrift: 2cyl.Comp. (BMV)

D/S «Lyderhorn» var eit dampskip bygt i 1878 og levert til Det Vestlandske Dampskibsselskab som lokalrutebåt i april same år. I 1883 tok HSD over drifta av skipet.

Skipet fekk ny maskin i 1897 frå Bergen mek. verksted.

1. mars 1916 kolliderte skipet i Lerøyosen med D/S «Leander» av Kristiania og sokk. Det var då på reise frå Bergen til Ålvik i Hardanger med stykkgods.

Skipet var kalla opp etter fjellet Lyderhorn i Bergen.

Kjelder

endre