Lyderhorn
fjell i Bergen kommune
Lyderhorn (396 moh.) er eit av Dei sju fjella kring Bergen. Det ligg ved Liavatnet ca. 5 km vest for sentrum og er godt synleg frå skipsleia både nordover og sørover, og har vore eit kjent seglingsmerke. Gammalnorsk form av namnet var Logðarhorn / Lofðarhorn / Lœfðarhorn.
Lyderhorn | |||
fjell | |||
Lyderhorn
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Bergen (Vestland) | ||
Fjellkjede | Dei sju fjella | ||
Høgd | 396 moh. | ||
Koordinatar | 60°22′26″N 05°14′31″E / 60.37389°N 5.24194°E | ||
Lyderhorn 60°22′29″N 5°14′31″E / 60.374708333333°N 5.2418666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Lyderhorn |
Lyderhorn skal etter folketrua ha vore samlingsstad for heksar på Valborgsnatta, Sankthansnatta og i julehelga.
Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur startar over Lyderhorn og går vidare over Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyfjellet, Rundemanen og Sandviksfjellet.
Lyderhorntunnelane er ein parsell av Sotravegen frå Liavatnet i aust til krysset ved Kjøkkelvikvegen mot vest.