DS «Vøringen» (1891)

norsk dampskip frå 1895
(Omdirigert frå DS Vøringen (1891))
Karriere  Noreg
Namn: DS «Vøringen»
Eigar: HSD
Verft: Laxevaag Maskin- & Jernskibsbyggeri i Bergen
Verftsnummer: 35
Reparert: 1894 og 1912
Kjennemerke: JVHL
Lagnad: Opphogd i juni 1951 i Belgia
Generelle mål
Tonnasje: 423 brt
245 nrt
Lengd: 166,4 fot (50,7 m)
Breidd: 23,6 fot (7,2 m)
Djupgang: 12,0 fot (3,7 m)
Installert effekt : 495 ihk
Framdrift: Trippel ekspansjonsmaskin (George Clark)
Fart: 11 knop
Generelle mål etter ombygging i 1925
Tonnasje: 510 brt
295 nrt

D/S «Vøringen» var eit dampskip bygt i 1891 og levert til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap som lokalrutebåt 28. mai dette året. Skipet kosta 207 000 kroner å bygge og var stort og romsleg, ikkje minst takka vere påtrykk frå bydirektøren i selskapet som på den tida var Christian Michelsen. Den første kapteinen på skipet var Helje Aga.

Skipet var konstruert av Randulf Hansen, og var teikna spesifikt som eit vakkert skip for turistfarten i Hardanger og måla med kvitt skrog. Randulf Hansen var kjend for dei vakre skipa sine og konstruerte og DS «Britannia» og DS «Dronningen». Skipet gjekk i fast rute frå Bergen til Hardanger. I 1894 sokk skipet medan det bunkra kol ved kaien i Vågen i Bergen, men vart heva og reparert etter mindre skadar. Det vart installert elektrisk lys i 1908 og ny dampkjele i 1909. Det gjekk på grunn i Alholmsundet nær Terøy den 10. oktober 1912. Det heldt seg flytande, men lak kraftig og sokk langs kaien ved Ølve. Igjen vart det heva og reparert. Skipet vart ombygd i 1925.

Tyskarane ønskte å beslaglegge skipet i mai 1940, men HSD klarte å overtyde dei om at skipet var i ustand, og tyskarane valde eit anna skip i staden (DS «Hardangerfjord»). For å hindre at tyskarane skulle ta skipet, vart ho lessa med utstyr og lagt i opplag i Ørjehamn som «varehus», men i april 1941 fann tyskarane henne og ho vart rekvirert av tyskarane som transportfartøy etter å ha vorte utstyrt med luftvernskanonar.

Skipet vart funne i Narvik i mai 1945 i dårleg forfatning. Det vart nytta til å nokre turar med mat for dei allierte i Nord-Noreg og kom attende til Bergen den 27. mai 1945. Den 29. november hadde ho den første reisa si til Hardanger, men var no måla svart. Ho vart måla kvit att i 1947. Ho vart lagt ut for sal i november 1950 og seld i 1951 til ukjende belgiske opphoggarar, og forlet Bergen den 25. mai.

Kjelder endre