Daan de Lange
Daan de Lange (4. august 1915–29. mai 1988) var ein nederlandsk-norsk musikar og sjakkspelar. Han vart noregsmeister i sjakk i 1960. Han deltok på det norske laget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i 1960, 1966, 1968 og 1970.[1]
Daan de Lange | |
Fødd | 4. august 1915 Nederland |
Død | |
Yrke | fotballspelar, sjakkspelar |
Daan de Lange var fødd og oppvaksen i Nederland, men flykta frå landet under den tyske invasjonen av Nederland i 1940. Han var krigsåra i England, der han mellom anna reiste rundt og spelte for amerikanske styrkar. Han kom til Noreg på midten av 1950-talet. Han bodde først i Stavanger og seinare på Hamar, der han mellom anna arbeidde som pianist.[2]
Daan de Lange var i sine yngre år fotballproff i Ajax.

- Denne artikkelen bygger på «Daan de Lange» frå Wikipedia på bokmål, den 28. august 2015.
ReferanserEndra
- ↑ Olimpbase, lesedato 28. august 2015
- ↑ Aftenposten weekend – Nekrolog (6. august 1988, s. 26)