Dactylorhiza incarnata ssp. gemmana

underart i planteriket
Dactylorhiza incarnata ssp. gemmana


Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. incarnata
Vitskapleg namn
Dactylorhiza incarnata ssp. gemmana
(Pugsley) P.D.Sell
Økologi
Utbreiing: Dei britiske øyane, Tyskland, Nederland

Dactylorhiza incarnata ssp. gemmana er ei planteorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Underarten finst ikkje i Noreg.

Systematikk

endre

Dactylorhiza incarnata ssp. gemmana høyrer til den vanskelege slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta. Den er ein underart av engmarihand, men mange klassifiseringar godtek ikke denne underarten.[2][3] Fordelinga på underartar av engmarihand er ikkje fullt ut klarlagd på Dei britiske øyane.[4][5]

Utbreiing

endre

I den irske raudlista er underarten sett på venteliste (WL) i påvente av meir data.[5] I den britiske raudlista er arten markert med manglande data (DD – data deficient),[4] det same gjeld lokalt i England.[6] Han finst truleg ikkje i Wales eller Skottland, men har vore rekna som livskraftig (LC) i Wales.

Referansar

endre
  1. «PoWO: Dactylorhiza incarnata subsp. gemmana». Plants of the World Online. Henta 13. mars 2022. 
  2. P.D. Sell (1967). «Taxonomic and nomenclatural notes on the British flora.» (PDF). Watsonia 6 (5): 317. 
  3. Michael Clark & Leslie Lewis (2018). «Dactylorhiza incarnata ss. lobelii, an Early Marsh-orchid new to Britain». BSBI News 138 (April): 25–26. 
  4. 4,0 4,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. Henta 9. mars 2022. 
  5. 5,0 5,1 «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  6. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre