Dagfinn Mannsåker
Dagfinn Mannsåker (30. juni 1916–16. juli 1994) var ein norsk historikar og riksarkivar.
Dagfinn Mannsåker | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. juni 1916 |
Død | |
Yrke | historikar, redaktør, arkivar |
Far | Jon Mannsåker |
Mannsåker vart fødd i Ullensvang, der far hans, Jon Mannsåker, var både prest og skulestyrar på Hardanger Folkehøgskule. Han voks opp fyrst her, sidan på Voss etter at familien flytte dit i 1928. I 1955 fekk Mannsåker graden Dr.philos. på avhandlinga Det norske presteskapet i det nittande hundreåret. Sosialhistoriske studiar. Mannsåker vart lektor i den høgare skulen 1954–59, universitetslektor i historie ved Universitetet i Oslo 1959–65 og riksarkivar 1965–82. Han var redaktør for Historisk Tidsskrift i mange år, og medarbeidar i fleire andre tidsskrift, i Norsk Biografisk Leksikon og Norsk Allkunnebok.
Dagfinn Mannsåker var ein aktiv målmann. Han var i åra 1958-1961 formann i Bærum mållag, og i 1960-1964 leiar i Kringkastingsringen.
Dagfinn Mannsåker var bror til statsråd Bergfrid Fjose.
Utgjevingar (utval)
endre- Jacob Aall: liv og gjerning før 1814, hovudfagsoppgåve i historie, Oslo, 1944.
- Det norske presteskapet i det nittande hundreåret. Sosialhistoriske studiar. 1954.
- Norsk samfunnslære, saman med Hans Aarnes. 1956.
- Norsk samfunnslære for realskolen/realskulen. saman med Hans Aarnes. 1959.
- Nyare forsking omkring 1814, i heftet 1814 og 1884, Oslo 1968.
- Diskresjonsspørsmål og personvern i lokalhistoria, i Heimen, 1977
- Dei religiøse folkerørslene og samfunnet ca. 1750 - 1850, i Streiftog i Kirkehistorien, Oslo 1996.
- Vegen til Kringsjå. Byggesaka til Riksarkivet fram til 1965, i Arkivmagasinet 1/1998
Kjelder
endre- Skanna kyrkjebøker i Ullensvang for 1916.
- Store Norske Leksikon om Mannsåker.
- Minnetale av Magne Skodvin, Det Norske Videnskaps-Akademis årbok 1995