Dagmar

kvinnenamn

Dagmar er eit kvinnenamn av slavisk opphav som kom i nordisk bruk i norrøn tid. Det har norsk namnedag den 27. september.

Minnetavle over den folkekjære dronning Dagmar av Danmark.

Namnet kjem frå slavisk Dragomir som er sett saman av 'kjær' og 'fred'. Det kom til Norden med ektemaken til Valdemar Sejr, Markéta Dragomir. Namnet hennar blei forstått som Dagrmær, samansett av dagr, 'dag', og mær, 'møy'.

Andre eldre former er Dagmár, Dagmor og Dagmey, der det siste framleis er utbreidd på Island.

Dagmar var mykje gjeve til norske jentebarn rundt år 1900.

Namneberarar endre

Kjelder endre