Dagmar Rom
Dagmar Rom (16. juni 1928–13. oktober 2022) var ein austerriksk skirennar frå Innsbruck som vann gullmedaljane i både slalåm og storslalåm under alpin-VM 1950 i USA.
Dagmar Rom | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 16. juni 1928 Innsbruck |
Død | 13. oktober 2022 (94 år) |
Idrett | alpint |
Tok del i | alpine skiing at the 1952 Winter Olympics – women's giant slalom |
Karriere
endreRom vart austerriksk meister i utfor i 1947. Ho vart utteken til Vinter-OL 1948, men vart stygt skadd under trening og kunne ikkje delta.
I 1950 vart Dagmar Rom dobbelt verdsmeister under VM i alpine greiner i Aspen i delstaten Colorado. Både då ho vann slalåm og storslalåm hadde ho sterkast konkurranse frå ei landskvinne. I slalåm slo ho Erika Mahringer med eitt tidels sekund, dei to var i ein klasse for seg, medan ho i storslalåm hadde ein sigersmargin til Trude Jochum-Beiser på to tidels sekund. Rom vart for 1950 vald til årets kvinnelege idrettsutøvar i Austerrike.
Under Vinter-OL 1952 i Oslo tok Rom sølvmedaljen i storslalåm, bakom Andrea Mead Lawrence frå USA. I det olympiske utforrennet vart ho nummer fem. Same sesongen vart ho austerriksk meister i både slalåm og storslalåm.
Etter giftarmål og barnefødsel kom Rom tilbake i alpinløypa i 1955-sesongen, men nådde ikkje heilt opp og avslutta skikarrieren. På 1950-talet hadde Rom ei hovudrolle i ein spelefilm, og i 1963 i ein fjernsynsserie saman med sonen sin.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dagmar Rom» frå Wikipedia på tysk, den 7. desember 2014.
Bakgrunnstoff
endre- Dagmar Rom i fis-ski.com
- Dagmar Rom i olympedia.org