Dagmar Blix

norsk forfattar

Dagmar Blix (28. september 19003. april 1984) var ein nordnorsk forfattar og lyrikar. Ho var fødd i Hol utanfor Leknes i Lofoten og var busett i Storfjord ved Stamsund, der ho arbeidde som forfattar og lærar.

Dagmar Blix
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1900
Buksnes kommune
Død

3. april 1984 (83 år)

Yrke skribent, lyrikar

Hennar engasjement for målsaka var mellom anna grunna i argumentet om at nynorsk ligg nærare mange norske dialektar enn bokmål. Ho skreiv sjølv på eit nordnorskprega nynorsk, og fleire av segnene og forteljingane ho samla frå Nord-Noreg er skrivne på ei blanding av dialekt og nynorsk.

Forfattarskapen endre

Forfattarskapen består i hovudsak av barne- og ungdomsbøker, men ho har gjort eit viktig arbeid for å samle og publisere historier og segner frå Lofoten. Engasjementet hennar gav seg utslag i ei rekkje radiokåseri. I tillegg var ho aktiv medarbeider i Norsk Målførearkiv , og ho skreiv kulturhistoriske artiklar i mellom anna Håløygminne.[1] Ho skreiv og las ofte eigne prologar og festtalar til forskjellige høve.

Blix var i 1977 den første som blei tildelt Vestvågøy kommunes kulturpris. I 1979 fekk ho Blixprisen.

Bibliografi endre

Kjelder endre

  1. «Blix, Dagmar». hminne.no. Henta 21. april 2019. 
  2. «"HENNING PÅ HOLMEN" AV DAGMAR BLIX | Vestvågøy Historielag», www.vhl-historielag.com, arkivert frå originalen 31. desember 2018, henta 21. april 2019 

Bakgrunnsstoff endre