Trykking er ein industriell prosess for å produsere tekst og bilde, typisk med blekkpapir ved hjelp av ei trykkepresse.

Avispresse
Flyttbare metalltypar.
Boktrykking på 1400-talet.

Historie endre

Trykking blei først utvikla i Kina, der blokktrykk med tre var i bruk på 500-talet. I 1040 utvikla oppfinnaren Bi Sheng lause typar i tre, og to århundre seinare blei det laga metalltypar i Korea. Utbreiinga av trykkekunsta førte til at kinesiske bibliotek inneheldt titusentals verk, medan bøker fortsatt var mangelvare i Europa.

Kunnskapen om trykking filtrerte truleg vestover, gjennom India og Arabia til Europa, men likevel var ein nøydd til å gjenoppfinna dei lause typane her. Det gjorde Johann Gutenberg i 1440, på ei gammal vinpresse. Oppfinninga er blitt gjeven mykje av æra for den europeiske overgangen frå mellomalder til opplysingstid.

Mot slutten av 1700-talet kom ei bølgje med nye oppfinningar innan trykkinga, som teknikkane litografi og trestikk, og fleire typar nye og sterkare presser.

Moderne trykkeprosessar endre

Vi har i dag fire forskjellige trykkteknikkar som blir brukt til både industriell og kunstnarisk trykking.

  • Høgtrykk (boktrykk), der elementa ein trykkar ligg høgare enn dei andre
  • Djuptrykk, der elementa ein trykkar ligg djupare enn dei andre
  • Flattrykk/Plantrykk (litografi, offset), der det ikkje er høgdeforskjell på dei trykkande og ikkje-trykkande felta i trykkforma
  • Silketrykk (serigrafi), der fargen blir pressa gjennom hol i ein duk.

Bakgrunnsstoff endre