Dalaman
Dalaman er eit distrikt og ein by på sørvestkysten av Tyrkia i provinsen Muğla. Han har kring 25 000 innbyggjarar.
Dalaman | |||
by | |||
Ambratre (Liquidambar orientalis) nær Dalaman
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Middelhavsregionen | ||
Provins | Muğla | ||
Høgd | 15 moh. | ||
Koordinatar | 36°46′N 28°48′E / 36.767°N 28.800°E | ||
Areal | 616,8 km² | ||
Folketal | 23 147 (2009)[1] | ||
Folketettleik | 38 / km² | ||
Borgarmeister | Sedat Yılmaz | ||
Tidssone | EET (UTC+3) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | (+90) 252 | ||
Bilnummer | 48 | ||
Dalaman 36°45′57″N 28°48′10″E / 36.765833333333°N 28.802777777778°E | |||
Kart som viser Dalaman.
| |||
Wikimedia Commons: Dalaman | |||
Nettstad: Dalaman kommune Styresmaktene i Dalaman |
Dalaman er kjend for den internasjonale lufthamna som tek imot mange turistar til denne delen av Tyrkia kvart år.
I 1906 vart ein togstasjonen som skulle byggast i Alexandria feilaktig bygd i Dalaman. Bygningen finst her framleis. Året før bygginga hadde Abbas Hilmi Pasha (då khedive av Egypt) kjøpt ein stor del av sletta ved Dalaman og skulle byggje ein plantasje her. Han bestilte planane og material for det planlagde huset hos arkitektane sine i Frankrike. Dette skjedde samstundes med at planane og material for ein togstasjon i Alexandria i Egypt vart bestilt. Dei to sendingane vart forveksla og materiala for huset hans hamna i Egypt, medan materiale for togstasjonen i Alexandria enda i Dalaman. Sidan det vart for dyrt å flytte alt til rett stad, vart stasjonen likevel bygd i Dalaman. Det vart til og med bygd nokre kilometer med jernbanespor som ikkje går nokon stad.
Klima
endreDalaman har eit varme middelhavsklima. Somrane er lange og tørre, medan vintrane er korte og kjølige. Dalaman er ein solrik stad året rundt.
Vêrdata for Dalaman | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 25,3 | 25 | 31 | 34 | 38 | 43,5 | 48,5 | 43,1 | 42 | 39 | 32,8 | 25 | 48,5 |
Gjennomsnittleg maks °C | 15,8 | 16,1 | 18,5 | 21,8 | 26,3 | 31,5 | 33,9 | 33,9 | 31,1 | 26,7 | 21,3 | 17 | 24,5 |
Gjennomsnittleg min °C | 5,6 | 5,8 | 7 | 9,6 | 13,5 | 17,8 | 20,7 | 20,6 | 17,2 | 13,3 | 9,4 | 6,9 | 12,3 |
Lågast målte °C | −4 | −5,3 | −1,3 | 0 | 6,1 | 9,7 | 13 | 14 | 7,8 | 4,2 | −1,5 | −1,3 | −5,3 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 191,2 | 147,5 | 91 | 51,6 | 25,1 | 8 | 2,8 | 1,9 | 20,4 | 70,7 | 159,6 | 211,4 | 981,2 |
Gns. luftfukt (%) | 64 | 63 | 64 | 66 | 66 | 57 | 57 | 59 | 56 | 61 | 66 | 67 | 62 |
Gns. solskinstimar i månaden | 158,1 | 156,8 | 213,9 | 237 | 300,7 | 342 | 365,8 | 347,2 | 300 | 244,9 | 183 | 151,9 | 3 001,3 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]Weather2 [2] |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dalaman» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: