Dale kraftverk

vannkraftverk i Vaksdal kommune, Hordaland fylke, Noreg
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dale kraftverk i Volda.

Dale kraftverk ved Dale i Vaksdal kommune er eit kraftverk i Bergsdalsvassdraget i Vestland fylke.

Dale kraftverk

VassdragEndra

Kraftverket er det nedste i Bergsdalsvassdraget. Vatnet i Bergsdalsvassdraget blir magasinert i Torfinnsvatnet og Hamlagrøvatnet og nytta av kraftstasjonene Hodnaberg, Kaldestad og Fosse før det til slutt blir nytta i Dale kraftverk. Konsesjonsvilkåra for kraftverka i Bergsdalsvassdraget krev minstevannføring i Daleelva, og vassnivå i magasina på sommarstid.

Nedslagsfeltet er på 248,6 km², og tilsig er på 680 millioner m³. Vasskraftverket utnytter eit fall på 375 m. Vatnet blir leia i ein 2,18 km lang tunnel frå Storefossdammen, som er inntaksmagasin for kraftstasjonen.

Dale IEndra

Kraftverket blei sett i drift i 1927 og var ferdig utbygga i 1951. Totalt blei det installert seks aggregat. Arkitekt Arent Greve var ansvarleg for bygningen, som er rekna som den viktigaste nyklassisistiske kraftstasjonen på Vestlandet. Bygginga av kraftanlegget blei finansiert med eit lån frå USA på 2 millionar dollar.

Dale IIEndra

Mellom 1987 og 1990 blei det bygd ein ny kraftstasjon i fjellet like bak den gamle kraftstasjonen. Etter at det siste aggregatet blei installert i 2007 overtok den nye kraftstasjon heile produksjonen.

Installert effekt er 146 MW fordelt på to francisturbinar.

Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap, BKK, driv og eig anlegget.

FleirbrukshallEndra

Frå 2007 var det ikkje lenger behov for den gamle kraftstasjonbygningen. BKK fekk ein avtale med Vaksdal kommune om å etablera ein ny fleirbrukshall ved den gamle kraftstasjonen. Ein avtale med Hordaland fylkeskommune bestemte at første byggetrinn frå den gamle kraftstasjonens (1927) skulle bevarast som eit kulturminne på staden, og dei nyare byggetrinna bevarast gjennom dokumentasjon og rivast for å gje plass til den nye fleirbrukshallen. Hallen blei opna 25. januar 2014.

KjelderEndra