Dalguise (skotsk-gælisk Dàil Ghiuthais) er ein busetnad i dalen Strath Tay i Perth and Kinross i Skottland.[1] Han ligg på vestbreidda av elva Tay ved vegen B898, 5 mile (8 km) nord for Dunkeld.[2] Her ligg mellom anna Dalguise House, eit herskapshus no gjort om til aktivitetssenter.

Dalguise
busetnad
Dalguise House
Land  Skottland
Region Perth and Kinross
Kommune Dunkeld and Birnam
Kart
Dalguise
56°36′34″N 3°38′44″W / 56.6094°N 3.64543°W / 56.6094; -3.64543
Wikimedia Commons: Dalguise

Eigedommen Dalguise blei gjeven til kyrkja i Dunkeld av William the Lyon (1143-1214). I 1543 gav biskopen av Dunkeld eigedommen til John Steuart. Familien Steuart eller Stewart var lairdar her gjennom fleire år. John Steuart of Dalguise (1689-1776) åtte eigedommen i sytti år, og bygde Dalguise House.[3]

Beatrix Potter var på sommarferie i Dalguise i fleire år frå ho var fire. Familien hennar var her frå mai til slutten av laksesesongen. Medan ho var i Dalguise laga Beatrix Potter eit biletbrev som danna grunnlaget for den fyrste boka hennar, The Tale of Peter Rabbit. Ei seinare bok, The Tale of Jeremy Fisher, byrja også som eit biletbrev med figurar som tydeleg bygde på studiane og utforskinga hennar av området rundt Dalguise og Tay. The Tale of Mrs Tiggy Winkle som kom ut i 1905 bygde nesten heilt sikkert på den gamle vaskekona Potter kjende i Dalguise, Kitty MacDonald.

Under fyrste verdskrigen blei bygningen brukt til å husa såra soldatar, og under andre verdskrigen blei det brukt som garnison for regimentet. I 1950 blei Dalguise kjøpt av Scottish Association of the Boys Clubs. I 1992 blei det kjøpt av PGL Travel Ltd.[2] Dalguise House sjølv husar no eit senter for utandørs aktivitet, som mellom anna tilbyr klatring i høge redwood-tre.[4]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Dalguise House from The Gazetteer for Scotland», www.scottish-places.info (på engelsk), henta 29. august 2021 
  2. 2,0 2,1 «Pitlochry and Crieff», Ordnance Survey Landranger Map (B2 utg.), 2008, ISBN 0-319-22985-8 
  3. «Steuart», www.electricscotland.com, henta 29. august 2021 
  4. «PGL Dalguise Adventure Holidays and Summer Camps in Perthshire, Scotland», www.pgl.co.uk, henta 29. august 2021