Tay
Tay er ei elv som renn 193 km og er med det den lengste elva i Skottland. Ho har det meste av det sørlege skotske høglandet som nedslagsfelt. Kjelda til Tay er ved fjellet Ben Lui, berre 13 km frå byen Oban på vestkysten, mens elveosen er ved Nordsjøen, rundt 160 km austanfor. Rekna i gjennomsnittleg vassføring (170 m3/s ved Perth) er den største elva på øya Storbritannia.
Tay | |||
elv | |||
Oppover Tay frå sentrum av Perth
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Tilløp | |||
• venstre | Lyon | ||
• høgre | Almond | ||
Nedslagsfelt | 4 970 km² | ||
Lengd | 188 km | ||
Middelvassføring | 170 m³/s | ||
Kjelde | Allt Coire Laoigh | ||
- stad | Ben Lui, Dei skotske høglanda | ||
• høgd | 720 moh. | ||
- koordinatar | 56°23′07″N 4°47′36″W / 56.38528°N 4.79333°W | ||
Munning | Firth of Tay i Nordsjøen | ||
- stad | Mellom Perth og Dundee | ||
- koordinatar | 56°21′18″N 3°17′54″W / 56.35500°N 3.29833°W | ||
Tay 56°21′17″N 3°17′31″W / 56.354648°N 3.291943°W | |||
Wikimedia Commons: River Tay |
Elva har fleire namn; den første delen blir kalla Connonish, deretter Fillan og deretter skiftar namnet til Dochart inntil ho flyt inn i innsjøen Loch Tay ved Killin.
Elva renn ut frå Loch Tay ved Kenmore og flyt derfrå til Perth. I historisk tid var dette siste plassen ein kunne krysse elva før havet. Nedanfor Perth blir elva påverka av tidevatnet og renn ut i fjorden Firth of Tay. Den største byen langs elva er Dundee som ligg på nordsida av Firth.
Dei største sideelvene til Tay er Almond, Isla, Braan, Tummel og Lyon. Akkurat som Spey, Dee og Tweed, er Tay ei vidkjend lakseelv.