Opna hovudmenyen

Daliyat al-Karmel (hebraisk skrift דלית אל כרמל arabisk دَالِيَةِ ٱلْكَرْمِل) er ein drusar-by i Haifa distrikt i Israel, kring 20 km søraust for Haifa. Mot slutten av 2012, var folketalet 16 000.[2] Daliyat al-Karmel, som ligg på Karmelberget, er den største og sørlegaste drusarbyen i landet.[3]

Daliyat al-Karmel
דאלית אל-כרמל, دَالِيَةُ ٱلْكَرْمِل
lokal kommune
Dalyat al-Karmel 1.JPG
Namneopphav: Dei hengande vindruene i Karmel[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°41′35″N 35°02′58″E
Areal 15,6 km²
Folketal 16 000 (2012)
Borgarmeister Rafik Halabi
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dalyat al-Karmel

HistorieEndra

I 1283 var både Daliyat al-Karmel og Kh. Doubel (like sør for Daliyat al-Karmel) nemnde som ein del av området til krossfararane, i følgje hudnaen mellom krossfararane i Akko og mamelukk-sultanen Qalawun.[4]

I 1870 omtalte den franske oppdagaren Victor Guérin omfattande ruinar sør for Daliyat al-Karmel, kalla Khirbet Doubel. Ruinane var dei mest omfattande på Karmelberget. Guérin meinte det måtte ver byen på Karmelberget som er nemnd av Plinius.[5] Conder og Kitchener kartla område og noterte «spor av ruinar» ein stad søraust for sentrum av landsbyen kalla Dubil.[6] Seinare utgravingar der har avdekt funn frå jernalderen, tidleg romartid og bysantinsk tid.[7]

På 1600-talet, då området var ein del av Det osmanske riket, om drusarar frå åslandet nær Aleppo i Syria til Daliyat al-Karmel,[8] og i 1859 utgjorde dei 300 innbyggjarar.[9]

I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han talde 400 innbyggjarar, alle drusarar. Husa var hovudsakleg bygde av adobe, med berre få steinhus. Dei lokale heldt gudsteneste i ei grotte, der Guerin ikkje fekk lov å gå inn.[10]

I 1881 vart landsbyen skildra av Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine som «ein steinlandsby på ein knoll på Karmelberget. I sør ligg ein brunn og ei fin kjelde i vest, nær Umm esh Shukf. I nord ligg ei lita slette eller ein open dal, oppdyrka med korn. Alle innbyggjarane er drusarar».[9] I midten av 1880-åra var folketalet estimert til 620 drusarar.[11]

I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Daliat al-Carmel 993 innbyggjarar, 921 drusarar og 21 kristne,[12] og dette auka i 1931 til 1173, då det var 1154 drusarar, 11 kristne og åtte muslimar, fordelt på 236 hus.[13]

I 1945 budde det 2 060 arabarar i Daliyat al-Karmel.[14]

Byen fekk status som lokal kommune i 1951. I 2003 vart han slått saman med den nærliggande Isfiya til Ir HaKarmel.[15] I 2008 vart dei to byane skilde igjen.

KjelderEndra

  1. Palmer, 1881, p. 108
  2. Israel, Central Bureau of Statistics, Statistical Abstract of Israel 2013, Table 2.24
  3. Israel's forgotten tribe, BBC
  4. al-Qalqashandi version of the hudna, referred in Barag, 1979, s. 209, nr. C1 og C2
  5. Guérin, 1865, pp. 296-296
  6. Conder and Kitchener, 1881, SWP I, p. 303
  7. Shadman, 2006, Horbat Devela, final report
  8. Naim Aridi (2009). The Druze i Israel. Univ.-Bibliotek Frankfurt am Main. 
  9. 9,0 9,1 Conder and Kitchener, 1881, SWP I, p. 281
  10. Guérin, 1875, p.248
  11. G. Schumacher (1887). «Population list of the lîvâ of 'Akka». Palestine Exploration Fund, Quarterly Statement: 169–191. 
  12. Barag, 1923,Table XI, Sub-district of Haifa, p. 33
  13. Mills, 1932, p. 89
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 47
  15. «Daliyat el-Karmel». Ministry of Tourism, State of Israel. Henta 1. august 2008. 

BakgrunnsstoffEndra