Aleppo (arabisk ﺣﻠﺐ, Ḥalab, lokal uttale ˈħalab, tyrkisk Halep) er ein by nordvest i Syria og hovudstad i Aleppo guvernement, det folkerikaste guvernementet i landet. Fram til utviklinga av den syriske borgarkrigen i 2010-åra var Aleppo den største byen i Syria.[3] Gjennom fleire hundreår var Aleppo også den største byen i regionen Syria og den tredje største i Det osmanske riket etter Konstantinopel og Kairo.[4][5][6] I 2004 hadde byen offisielt 2 132 100 innbyggjarar, slik at han var ein av dei største byane i Levanten.[7][8]

Aleppo
Ḥalab, arabisk skrift ﺣﻠﺐ
by
Utsyn over Aleppo
Kallenamn: Ash-Shahbaa
Land  Syria
Guvernement Aleppo guvernement
Distrikt Jabal Simeon (Jabal Semaan)
Del av Northwestern Syria
Høgd 379 moh.
Koordinatar 36°13′N 37°10′E / 36.217°N 37.167°E / 36.217; 37.167
Areal 190 km²
Folketal 2 132 100  (2004)
 - storby 2 181 061
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer landkode: 963, bykode: 21
Kart
Aleppo
36°12′N 37°10′E / 36.2°N 37.16°E / 36.2; 37.16
Wikimedia Commons: Aleppo
Nettstad: www.alp-city.org
Kjelder: Aleppo byområde [1] Kjelder: City population [2]

Aleppo ligg i eit ørkenliknande slettelandskap nær grensa til Tyrkia og 310 km frå Damaskus. Han er eit knutepunkt for samferdsla og ein viktig handelsby. Gamlebyen er med på lista til UNESCO over verdsarv. Byen fekk eit universitet i 1961.

Namn endre

 
Utsyn frå citadellet.

Aleppo er det moderne namnet på byen i den vestlege verda. I antikken vart han kalla Khalpe, Khalibon,[9] og for grekarane og romarane vart han kalla Beroea (gresk Βέροια). Under krosstoga, og igjen under Det franske mandatet for Syria og Libanon, vart namnet Alep nytta: «Aleppo» er ei italienisert versjon av dette.

Det gamle namnet på byen, Halab, er òg det arabiske namnet på byen i dag. Dette har usikkert opphav. Somme har føreslått at Halab tyder 'jern' eller 'kopar' på amorittisk, sidan byen var ei stor kjelde for desse metalla i antikken. Halabaarameisk tyder 'kvit', og kan syne til den kvite jordfargen og dei store mengdene marmor som finst i området. Eit anna føreslått namneopphav er at Halab tyder «gav mjølk» og syner til den gamle segna om at Abraham gav mjølk til reisande gjennom regionen.[10] Fargen på kyrne hans var oskefarga (arabisk shaheb), så byen vart derfor kalla Halab ash-Shahba («han mjølka den oskefarga»).

Frå 1000-talet vart det vanleg i rabbinsk å bruke «Aram-Zobah» om området kring Aleppo, og dette namnet nyttar syriske jødar framleis i dag. Bibelen inneheld minst 13 referansar til Zobah.

Geografi og klima endre

 
Queiq

Aleppo ligg 120 km inn i landet frå Middelhavet på eit platå 380 meter over havet. Han ligg 45 km aust for den syrisk-tyrkiske grenseovergangen ved Bab al-Hawa. Byen er omgjeve av jordbruksland i nord og vest, som er dyrka opp med oliven og pistasjtre. I aust ligg Aleppo nær dei tørre områda i Den syriske ørkenen.

Byen vart grunnlagd nokre få kilometer sør for den noverande gamlebyen, på høgrebreidda av Queiq, som spring ut på Aintabplatået i nord og som renn gjennom Aleppo og sørover til det frodige landskapet Qinnasrin. Gamlebyen i Aleppo ligg på venstrebreidda av Queiq. Han var omgjeve av ein sirkel av åtte åsar kring ein sentral ås der vart bygd ei borg (opphavleg eit tempel reist på 1000-talet fvt.). Radiusen på denne sirkelen er kring 10 km. Åsane heiter Tell as-Sawda, Tell ʕāysha, Tell as-Sett, Tell al-Yāsmīn (Al-ʕaqaba), Tell al-Ansāri (Yārūqiyya), ʕan at-Tall, al-Jallūm og Baḥsīta.[11] Gamlebyen låg innanfor ein eldgammal bymur som vart ombygd siste gong av mamelukkane. Muren har sidan forsvunne. Han hadde ni portar og var omgjeven av ei djup, brei vollgrav.[11]

Aleppo dekkjer eit område på meir enn 190 km² og er ein av dei raskast veksande byane i Midtausten. I følgje ein ny storplan som byen sette i verk i 2001, skal det totale området kring Aleppo aukast til 420 km² mot slutten av 2015.[1][12]

Aleppo har eit varmt halvtørt klima (Köppen: BSh). Fjellrekkjene som går langs kysten av Middelhavet, Dei syriske kystfjella og Nurfjella, blokkerer effekten av Middelhavet og skapar ein regnskugge. Årsmiddeltemperaturen i området er 18 til 20 °C. Årsmiddelnedbøren er 395 mm og 80 % av denne nedbøren kjem mellom oktober og mars. Det er sjeldan snø i området. Gjennomsnittsfukta er 58 %.[13]

Vêrdata for Aleppo
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 17 21 31 34 41 47 46 43 41 37 30 18 47
Gjennomsnittleg maks °C 10,3 12,6 16,9 22,6 28,7 33,6 36,2 36,1 33,2 27 16,8 11,9 23,8
Gjennomsnittleg min °C 1,7 2,4 5 8,9 13,5 18,1 20,9 20,9 17,3 12,4 6,4 3,3 10,9
Lågast målte °C −13 −10 −7 −2 0 9 16 15 7 5 −3 −8 −13
Gjennomsnittleg nedbør mm 60,3 52 46,1 33,6 17,9 2,3 0,1 0,3 2,2 19,2 35,2 59,6 328,8
Gns. dagar med regn 13 14 10 7 4 1 0 0 1 4 7 11 72
Gns. solskinstimar i månaden 120,9 140 198,4 243 319,3 366 387,5 365,8 303 244,9 186 127,1 3 001,9
Kjelde: World Meteorological Organization,[14] Hong Kong Observatory (sun 1961–1990)[15]BBC Weather (record highs and lows)[16]


Historie endre

Før antikken endre

 
Det gamle Aleppo.

Aleppo har vore lite utforska av arkeologar, sidan den moderne byen ligg over den gamle byen. Staden har vore busett sidan kring 5000 fvt., som utgravingar ved Tallet Alsauda har vist.

Aleppo finst i historiske kjelder som ein viktig by mykje tidlegare enn Damaskus. Aleppo er først nemnd i skriftlege kjelder på 2000-talet fvt., då Aleppo var hovudstad i eit sjølvstendig kongedøme som var nært knytt til Ebla, kalla Armi i Ebla,[17] og Armani/Armanum i Akkad,[18] og Giovanni Pettinato skildra Armi som Ebla sitt alter ego. Naram-Sin av Akkad øydela både Ebla og Armani på 2200-talet fvt.[19][20] men identifiseringa av Armani som Armi på inskripsjonar av Naram-Sim på tavler frå Ebla er sterkt omdiskutert.[21]

I den gamle babylonske perioden, vart Aleppo kalla Ḥalab (Ḥalba) for første gongen.[20] Aleppo var hovudstad i det viktige amorittiske dynastiet Yamḥad. Kongedømet Yamḥad (ca. 1800–1600 fvt.), òg kalla 'landet Ḥalab,' var det mektigaste i Det nære Austen på den tida.[22] Yamḥad vart øydelagd av hettittane under Mursilis I på 1500-talet fvt. Aleppo tok raskt den leiande rolla i Syria, då makta til hetittane vart svekt på grunn av indre uro.[20]

Parshatatar, konge av det hurittisk-armenske kongedømet Mitanni, tok nytta av maktvakuumet som oppstod[23] og erobra Aleppo på 1400-talet fvt. Aleppo hamna derfor i frontlinja i ein maktkamp mellom Mitanni og hettittane og Egypt.[20] Den hettitiske Suppiluliumas I slo Mitanni i eit avgjerande slag og erobra Aleppo på 1300-talet fvt. Aleppo var kultisk viktig for hettittane som eit senter for dyrking av Stormguden.[20]

Då det hettittiske kongedømet kollapsa på 1100-talet fvt., vart Aleppo ein del av det arameisk-syrisk-hettitisk kongedømet Bit Agusi (som hadde hovudstad i Arpad) ved byrjinga av det første tusenåret fvt.[24]

Bit Agusi vart i lag med Aleppo erobra av assyrarar på 800-talet fvt. og vart ein del av Det nyassyriske riket fram til seint på 600-talet fvt.,[25] før det gjekk vidare til Det nybabylonske riket og akamenide-persarane.[26]

Antikken endre

 
Ruinane av den maronittiske basilikaen i Barad.

Aleksander den store tok over byen i 333 fvt. Selevkos I Nikator oppretta ein hellenistisk busetnad på staden mellom 301 og 286 fvt. Han kalla byen Beroea (Βέροια), etter Beroea i Makedonia.

Nord-Syria var eit senter for det hellenistiske kolonistyret og derfor for den hellenistiske kulturen i Selevkideriket. Som andre helleniserte byar i Selevkideriket, hadde Beroea truleg lokalt sjølvstyre, med eit lokalt valt byråd eller boulē som bestod av frie hellenarar.[27]

Beroea vart verande under selevkidane fram til 88 fvt. då Syria vart okkupert av Tigranes den store og Beroea vart ein del av Kongedømet Armenia. Etter den romerske sigeren over Tigranes, vart Syria gjeve til Pompeius i 64 fvt., og han vart då ein romersk provins. Då romarane kom inn i området vart det forholdsvis stabile forhold i Syria i over tre hundreår. Sjølv om provinsen vart administrert av ein legat frå Roma, tvang ikkje Roma den administrative organisasjonen sin på den gresktalande herskarklassen i provinsen.[27]

I romartida auka innbyggjartalet nord i Syria, og dette auka ytterlegare under bysantinarane inn på 400-talet. I seinantikken var Beroea den nest største syriske byen etter Antiokia, som då var hovudstaden i Syria og den tredje største byen i Romarriket. Arkeologiske funn indikerer at det busetnadane mellom Antiokia og Beroea var tett folkesette fram til 500-talet. Dette jordbrukslandskapet har i dag ruinar av store bustadhus og kyrkjer, som Symeon styliten-kyrkja.[27] St. Maron frå den maronittiske kyrkja vart truleg fødd i dette området. Grava hans ligg i Brad, vest for Aleppo.

Beroea er nemnt i Andre makkabearbok 13:3.

Mellomalderen endre

 
Dei gamle murane i Aleppo og Qinnasrin-porten restaurert i 1256 av An-Nasir Yusuf.

Persarane invaderte og kontrollerte Syria ei kort stund tidleg på 600-talet. Kort tid etter fall Aleppo til arabarane under Abu Ubaidah ibn al Jarrah i 637. I 944 vart han setet i eit sjølvstendig emirat under hamdānide-prinsen Sayf al-Daula, og opplevde ein periode med stor velstand. Han var heimbyen til den store diktaren al-Mutanabbi og filosofen og polymaten al-Farabi. Byen vart plyndra av austromarane i 962, og bysantinske styrkar okkuperte byen ei tid frå 974 til 987. Byen og emiratet vart ein vasall i riket frå 969 og fram til Dei austromersk-seldsjukkiske krigane. Byen vart kringsett to gonger av krossfararar, i 1098 og i 1124, men vart ikkje erobra.

Den 9. august 1138 råka eit kraftig jordskjelv byen og området kring. Sjølv om estimata frå den tida er særs usikre, trur ein at 230 000 menneske omkom, noko som gjer det til det sjuande mest dødelege jordskjelvet i historia.

Byen kom under Saladin sin kontroll og så Ajjubide-dynastiet frå 1183.

Den 24. januar 1260[28] vart byen erobra av mongolane under Hulagu i allianse med vasallane deira, som var frankiske riddarar under herskaren av Antiokia, Bohemond VI og svigerfaren hans, den armensk herskaren Hetoum I.[29] Byen vart dårleg forsvart av Turanshah og murane fall etter berre seks dagar med bombing, og citadellet fall fire veker seinare. Den muslimske folkesetnaden vart massakrert og mange jødar vart òg drepne.[30] Den kristne folkesetnaden vart spara. Turanshah vart synt uvanleg respekt av mongolane og fekk lov til å leve på grunn av den høge alderen og motet han viste. Byen vart gjeven til den første emiren av Homs, al-Ashraf, og ein mongolsk garnison vart oppretta i byen. Noko av utbyttet vart òg gjeve til Hethoum I for støtta i åtaket. Den mongolske armeen held fram til Damaskus, som overgav seg, og mongolane gjekk inn i byen 1. mars 1260.

 
Souq az-Zirb, der myntane vart slått under mamelukk-tida.

I september 1260 forhandla dei egyptiske mamelukkane ein avtale med frankarane i Akko slik at dei kunne krysse krossfararområda utan kamp, og gå til strid mot mongolane i slaget ved Ain Jalut den 3. september 1260. Mamelukkane vann ein avgjerande siger, tok livet av den mongolske, kristne generalen Kitbuqa, og fem dagar seinare hadde dei erobra Damaskus att. Aleppo vart teken attende av muslimane ein månad seinare, og ein mamelukk-guvernør vart sett inn for å styre byen. Hulagu sende soldatar for å ta attende Aleppo i desember. Dei klarte å massakrere mange muslimar som hemn for drapet på Kitbuqa, men etter fjorten dagar hadde dei ikkje kome noko vidare og trekte seg attende.[31]

 
Al-Otrush-moskeen frå mamelukk-tida.

Mamelukkane styrte byen inn under det sentrale mamelukk-styret i Kairo, og hausten 1261 sende mamelukk-leiaren Baibars ein hær for å vinne attende byen. I oktober 1271 tok mongolane igjen byen, og gjekk til åtak med 10 000 menn til hest frå Anatolia, og slo dei tyrkiske soldatane som forsvarte Aleppo. Mamelukk-garnisonen flykta til Hama, før Baibars kom nordover igjen med hovudhæren sin, og mongolane trekte seg attende.[32]

Den 20. oktober 1280 tok mongolane byen nok ein gong, plyndra marknadane og brende ned moskeane. Dei muslimske innbyggjarane flykta til Damaskus, der mamelukk-leiaren Qalawun samla styrkane sine. Då armeen hans rykka fram, trekte mongolane seg igjen attende, til andre sida av Eufrat.

I 1400 erobra den mongolsk-tyrkiske leiaren Timur Lenk byen igjen frå mamelukkane.[33] Han massakrerte mange av innbyggjarane og gav ordre om å byggje eit tårn med 20 000 hovudskallar utanfor byen.[34] Etter at mongolane trekte seg attende flytta heile den muslimske folkesetnaden attende til Aleppo. Dei kristne som forlét byen under mongolinvasjonen, kunne ikkje flytte attende til sitt eige strøk i gamlebyen, og dette førte til at dei danna eit nytt nabolag i 1420, i dei nordlege forstadane til Aleppo, utanfor bymurane. Dette vart kjend som al-Jdeydeh («det nye strøket» på arabisk).

Den osmanske tida endre

 
Khusruwiyah-moskeen frå den osmanske tida.

Aleppo vart ein del av Det osmanske riket i 1516, då byen hadde kring 50 000 innbyggjarar. Han vart senteret i Aleppo eyalet. Resten av det som vart Syria var anten ein del av eyaleta Damaskus, Tripoli, Sidon eller Raqqa. Etter den osmanske provinsreformen i 1864, vart Aleppo senteret i det nyoppretta Aleppo vilajet i 1866.

På grunn av den strategiske plasseringa ved handelruta mellom Anatolia og Austen, vart Aleppo ein særs viktig by under osmanarane. På eit tidspunkt var han den nest viktigaste byen i riket etter Konstantinopel. På midten av 1500-talet hadde Aleppo erstatta Damaskus som den viktigaste marknaden for varer som kom til Middelhavsområdet frå aust. Dette ser ein mellom anna av at Levant Company of London, eit felles handelsselskap skipa i 1581 for å gje England monopol på handelen med Det osmanske riket, aldri prøvde å sette inn ein agent i Damaskus, trass i at dei hadde løyve til å gjere dette. Aleppo husa òg hovudkvarteret til selskapet fram til seint på 1700-talet.[35]

 
Khan al-Shouneh frå 1546.

Som følgje av den økonomiske utviklinga, opna mange europeiske statar konsulat i Aleppo på 1500- og 1600-talet, som konsulatet til Republikken Venezia i 1548, det franske konsulatet i 1562, det engelske konsulatet i 1583 og det nederlandske konsulatet i 1613.[36]

Velstanden som Aleppo opplevde på 1500- og 1600-talet byrja å svekkjast då silkeproduksjonen i Iran minka etter fallet til Safavide-dynastiet i 1722. På midten av hundretalet førte ikkje lenger karavanane silke frå Iran til Aleppo og den lokale syriske produksjonen var ikkje nok til å imøtekomme behovet frå Europa. Dei europeiske handelsmennene forlét Aleppo og byen hamna i økonomisk nedgang fram til midten av 1800-talet då lokalt produsert bomull og tobakk vekte interessa hos europearane att.[35]

Økonomien til Aleppo vart hardt råka då Suezkanalen opna i 1869. Dette, i tillegg til politisk ustabilitet etter at det vart innført store reformer frå det sentrale styret i 1841, gjorde at Aleppo vart ytterlegare svekka, medan Damaskus steig fram som ein seriøs økonomisk og politisk konkurrent til Aleppo.[35]

 
Ei smal gate i det armenske kvarteret i Jdeydeh, tidleg på 1600-talet.

William Shakespeare refererte til Aleppo i Macbeth i 1606. Heksene piner kapteinen på skipet Tiger som var på veg til Aleppo frå England, men heldt ut ei 567 dagar lang reise før dei kom tilbake til England. Byen vert òg omtalt i Shakespeare sin Othello, då Othello i sine siste ord seier: «Set you down this/And say besides that in Aleppo once,/Where a malignant and a turbanned Turk/Beat a Venitia and traduced the state,/I took by th' throat the circumcised dog/And smote him—thus!» (Arden-utgåva av Shakespeare, 2004). Den engelske skipspresten Henry Teonge skildrar ei vitjing i byen i 1675 i dagboka si, då det var ein koloni med vesteuropeiske handelsfolk som budde her.

Byen vart verande osmansk fram til riket kollapsa, men vart stundom råka av indre uro, i tillegg til åtak av kolera frå 1823. Kring 20–25 prosent av folkesetnaden døydde av pest i 1827.[37] I 1850 gjekk ein muslimsk mobb til åtak på kristne nabolag og titals kristne vart drepne, medan fleire hundre kyrkjer vart plyndra. Janitsjaropprørarar sette inn sitt eige styre då den osmanske guvernøren flykta. Osmanarane tok over byen veker seinare og tok livet av kring 5 000 innbyggjarar.[38] I 1901 var innbyggjartalet i byen kring 110 000.

Mot slutten av den fyrste verdskrigen gjorde Sèvres-avtalen det meste av provinsen Aleppo til ein del av den nyoppretta nasjonen i Syria, medan Kilikia vart lovd bort av Frankrike til den armenske staten. Kemal Atatürk annekterte det meste av provinsen Aleppo i tillegg til Kilikia til Tyrkia i sjølvstendekrigen. Dei arabiske innbyggjarane i provinsen (i tillegg til somme kurdarar) støtta tyrkarane i krigen mot franskmennene, mellom anna Ibrahim Hanano som samarbeidde direkte med Atatürk og fekk våpen frå han. Utfallet vart derimot katastrofalt for Aleppo, då Lausanne-traktaten gjorde det meste av provinsen Aleppo til ein del av Tyrkia utanom Aleppo og Alexandretta. Dermed vart Aleppo avskoren frå dei nordlege områda sine og frå dei anatolske byane som Aleppo var kommersielt avhengige av. I tillegg førte Sykes-Picot-avtalen, der Det nære Austen vart delt, til at Aleppo vart skild frå det meste av Mesopotamia, som òg råka økonomien i Aleppo. Situasjonen vart forverra i 1939 då Alexandretta vart annektert av Tyrkia og Aleppo ikkje lenger kunne nytte utskipingshamna si i Iskenderun. Byen vart slik totalt isolert i Syria.

Det franske mandatet endre

For meir om dette emnet, sjå staten Aleppo.
 
General Gouraud kryssa al-Khandaq-gata den 13. september 1920.

Staten Aleppo vart erklært av den franske generalen Henri Gouraud i september 1920 som ein del av ein fransk plan om å gjere Syria lettare å kontrollere ved å dele landet i fleire mindre statar. Frankrike vart meir i mot ideen om eit samla Syria etter slaget ved Maysaloun.

Ved å skilje Aleppo frå Damaskus ønskte Gouraud å utnytte den tradisjonelle konkurransen mellom dei to byane og gjere det til eit politisk skilje. Folket i Aleppo var misnøgde med at Damaskus vart vald til hovudstad i den nye nasjonen Syria. Gouraud merka seg denne kjensla og prøvde å manipulere folket ved å gjere Aleppo til hovudstad i ein større og rikare stat som det ville vere vanskeleg for Damaskus å konkurrere med. Grensene til staten Aleppo vart trekt av Frankrike og inneheldt det mest frodige området av Syria: den frodige landsbygda kring Aleppo i tillegg til den frodige Eufratdalen. Staten hadde òg tilkomst til sjøen via det sjølvstyrte Alexandretta sanjak. Damaskus, som i hovudsakleg ligg i ein oase i utkanten av Den syriske ørkenen, hadde derimot verken frodig land eller tilkomst til sjøen. Gouraud ønskte å forføre Aleppo ved å gje dei kontroll over det meste av jordbruket og mineralrikdomen i Syria, slik at dei aldri kom til å ønske å slå seg saman med Damaskus igjen.[39][40]

 
Grand Serail d'Alep var opphavleg planlagt som regjeringsbygget til staten Aleppo.

Dei avgrensa økonomiske ressursane til dei syriske statane gjorde at Frankrike ikkje ønskte at dei skulle verte heilt sjølvstendige, fordi det var fare for det motsette resultatet, nemleg at dei to statane kollapsa og vart tvungen til å slå seg saman att. Dette er årsaka til at Frankrike føreslo ideen om eit syrisk forbund som vart sett i verk i 1923. Opphavleg såg Gouraud for seg eit forbund for alle statane, til og med Libanon. Men berre tre statar deltok til slutt: Aleppo, Damaskus og Alawitterstaten. Hovudstaden i forbundet var først Aleppo, men vart flytta til Damaskus. Presidenten i forbundet var Subhi Barakat, ein politikar frå Aleppo fødd i Antiokia.

Forbundet enda i desember 1924, då Frankrike slo Aleppo og Damaskus saman til ein enkel syrisk stat igjen og skilde ut Alawitterstaten. Dette skjedde etter at forbundet valde å slå i saman dei tre statane til ein enkel stat og gjere Syria økonomisk sjølvstendig. Frankrike meinte dette var å gå for langt.[39][40]

Det syriske opprøret braut ut i Syria i 1925, då franskmennene heldt nye val i staten Aleppo for det som var meint å føre fram mot ei lausriving frå Damaskus og ein sjølvstendig stat igjen. Etter at det nye rådet vart valt, valde rådet overraskande nok likevel å halde seg i union med Damaskus. Syriske nasjonalistar starta ein massiv kampanje mot lausriving som førte til at folket synte stor motstand mot lausrivingsplanane, og dei pro-franske politikarane hadde ikkje noko anna val enn å støtte unionen. Resultatet var særs pinleg for Frankrike, som ønskte at ei lausriving for Aleppo skulle ha ein straffeeffekt for Damaskus, som hadde delteke i det syriske opprøret. Dette var siste gong det vart føreslått sjølvstende for Aleppo.[41]

Etter sjølvstendet endre

 
Gata Shukri al-Quwatli, vart kjend som Rue de France under Det franske mandatet.

Perioden like etter sjølvstendet frå Frankrike vart markert av auka rivalisering mellom Aleppo og Damaskus. Aleppo ønskte ein union mellom Syria og det hashimittar-styrte Irak, noko som Damaskus gjekk sterkt i mot. I staden vendte Damaskus seg mot Egypt og Saudi-Arabia og deltok aktivt i opprettinga av Den arabiske ligaen i Alexandria i 1944, ein organisasjon som av mange arabiske nasjonalistar vart sett på som ein «konspirasjon» retta mot ei samling av Den fruktbare halvmånen under hashimittane.[treng kjelde]

Den aukande usemja mellom Aleppo og Damaskus førte etter kvart til at Den syriske nasjonalblokka vart delt i to fraksjonar: Det syriske nasjonalpartiet, oppretta i Damaskus i 1946, og Folkepartiet, oppretta i Aleppo i 1948 av Rushdi Kikhya og Nazim Qudsi.[treng kjelde] Ei årsak til usemja, i tillegg til unionen med Irak, var at Aleppo ønskte å overta rolla som hovudstad frå Damaskus. Debatt om kvar hovudstaden skulle ligge starta i 1950 då Folkepartiet la fram eit forslag til ei grunnlov som kalla Damaskus ein «mellombels hovudstad».[treng kjelde]

 
Bab al-Faraj klokketårn med Aleppo byrådstårn til venstre i bakgrunnen.

Det første statskuppet i det moderne Syria vart utført i mars 1949 av ein hæroffiser frå Aleppo, Hussni Zaim. Forført av den absolutte makta han hadde som diktator, vendte Zaim seg raskt mot Egypt og Vesten og gav opp forsøket på ein union med Irak. Dette førte til eit nytt statskupp berre fire månader seinare.[treng kjelde] Det andre kuppet vart leia av Sami Hinnawi (òg frå Aleppo), vart sett i stand av Folkepartiet og søkte aktivt ein union med Irak. Meldinga om ein føreståande union med Irak førte til eit tredje kupp same året, i desember 1949, leia av Adib Shishakly for å hindre unionen.[treng kjelde]

 
Tilel-gata

Kort tid etter Shishakly gjekk av i 1954, vart det oppretta ein union med Egypt under Gamal Abdul Nasser i 1958. Uninoen kollapsa berre to år seinare då ein junta av unge offiserar frå Damaskus gjorde eit nytt statskupp. Aleppo var i mot kuppet, men hadde til slutt ikkje noko anna val enn å anerkjenne det nye regimet. Det nye regimet prøvde å absorbere misnøya i Aleppo ved å utpeike både ein president og ein statsminister frå Aleppo—Nazim Qudsi og Marouf Dawalibi.[treng kjelde]

I mars 1963 utførte ein koalisjon av baathistar, nasseristar og sosialistar eit nytt kupp med mål om å opprette unionen med Egypt att. Det nye regimet sette derimot berre inn att flagget til unionen. Kort tid etter førte usemje mellom baathistane og nasseristane over attopprettinga av unionen til ei krise, og baathistane dreiv nasseristane bort frå makta. Nasseristane, som hovudsakleg var frå mellomklassen i Aleppo, svarte med opprør i Aleppo i juli 1963.

Igjen prøvde Baath-regimet å stoppe uroa ved å setje Amin al-Hafiz, ein baathist-offiser frå Aleppo, inn som leiar.

President Hafez al-Assad, som kom til makta i 1970, var avhengig av støtte frå forretningsklassen i Damaskus.[42] Dette gav Damaskus ein fordel over Aleppo, og Damaskus kom derfor til å dominere den syriske økonomien. Den strenge sentraliseringa av den syriske staten, ressursane som vart flytta til Damaskus og hegemoniet som Damaskus hadde i den syriske økonomien gjorde det stadig vanskelegare for Aleppo å konkurrere. Aleppo er derfor ikkje lenger det økonomiske og kulturelle senteret i Syria, slik det ein gong var.[treng kjelde]

I 2006 vart Aleppo kåra til Islamsk kulturhovudstad.[43]

Den syriske borgarkrigen endre

 
Saadallah Al-Jabiri-plassen etter eit åtak frå opposisjonen i oktober 2012.

Den 12. august 2011, nokre månader etter uroa hadde starta andre stader i Syria, vart det halde store demonstrasjonar mot regjeringa i fleire distrikt i Aleppo, mellom anna i Sakhour. To demonstrantar mista livet.[44] To månader seinare vart det halde ein svær demonstrasjon med støtte for styresmaktene på Saadallah Al-Jabiri-plassen. New York Times estimerte at talet var titusenvis,[45] medan statleg media hevda at meir enn 1,5 millionar møtte opp.[46]

10. februar 2012 eksploderte bilbomber utanfor to tryggingsanlegg - det lokale hovudkvarteret til etteretningstenesta og brakkene til tryggingsstyrkane.[47] 28 personar mista livet, inkludert fire sivile[47], medan 235 vart skadde.[48] Den 18. mars 2012 råka ei anna bilbombe eit bustadområde og tok livet av to tryggingspersonar og ei sivil kvinne, medan 30 sivile vart skadde.[49][50]

Seint i juli 2012 nådde konflikten for alvor Aleppo då soldatar frå landsbygda rykka fram mot byen.[51] Sidan den gong har nokre av dei hardaste bombardementa og kampane funne stad i Aleppo, ofte i bustadområde.[51] Sommaren, hausten og vinteren 2012 fortsette hus-til-hus-kampane mellom opprørarane og dei nasjonale styrkane, og våren 2013 hadde den syriske hæren forskansa seg vest i Aleppo, medan opprørarane låg i aust, med eit ingenmannsland mellom dei.[51] Internasjonale humanitære organiasjonar har estimert at 13 500 hadde mista livet fram til 2013 - 1500 under fem år gamle - og 23 000 med alvorlege skadar.[51]

På grunn av dei harde kampane vart mange delar av Al-Madina Souq (ein del av Gamlebyen i Aleppo, som er oppført på verdsarvlista), inkludert Den store moskeen i Aleppo og andre mellomalderbygg i gamlebyen øydelagde og ruinerte eller brende ned på seinsommaren 2012 då Den frie syriske armeen og Den syriske arabiske armeen kjempa om kontroll over byen.[52][53] Kontroll over byen blei verande delt mellom regimet i vest og opprørsstyrkar i aust.[54]

I november 2013 rapporterte The Guardian at islamistar dominerte opprørsområda i Aleppo, og fokuserte på å påtvinge sjarialover og kjempe mot kvarandre i staden for styresmaktene. Avisa rapporterte vidare om store øydeleggingar i byen og spor av feilernæring og sjukdom.[55] I februar 2014 tok opposisjonsgrupper i Islamsk Front på seg ansvaret for å ha øydelagd ei rekkje, store historiske byggverk i gamlebyen, mellom anna justispalasset, Carlton hotel og den gamle bygningen til byrådet.[56][57][58] Samstundes har det syriske regimet regimet bombardert opprørarkontrollerte delar av byen frå lufta.[54]

I 2015 innleia det syriske regimet, med utanlandsk støtte, ein ny offensiv for å ta tilbake byen.[54] Tidleg i 2016 klarte dei å avskjera forsyningslinene til den opprørarkontrollerte delen av byen, og fleire titusen flykta.[59] I august same året klarte opprørar i ein motoffensiv å opna opp att ei forsyningsrute og å ta eit militærakademi.[60]

Historiske stader endre

 
Citadellet i Aleppo
 
Tronsalen i citadellet.

Aleppo er prega av ei blanding av mange arkitektoniske stilar, og har blitt styrt av mellom andre romarane, austromarane, seldsjukkane, mamelukkane og osmanarane.[61]

Forskjellige byggverk frå 1200- og 1300-talet, som karavanseraiar, caeseriaer, koranskular, hammamar og religiøse byggverk finst i gamlebyen. Kvartera i bydelen Jdeydeh består av mange hus frå 1500- og 1600-talet med steingraveringar. Barokkarkitektur frå 1800- og tidleg på 1900-talet er vanleg i Azizyeh-kvarteret, mellom anna Villa Rose. Det nye Shahba-kvarteret er ei blanding av forskjellige stilar, som nyklassisk, normannisk, orientalsk og til og med kinesisk arkitektur.[62]

Sidan gamlebyen er prega av mange store herskapshus, smale allear og tildekte souqar, har den moderne byarkitekturen etterfylt byen med breie vegar og store torg som Saadallah Al-Jabiri-plassen, Fridomsplassen, Presidentplassen og Sabaa Bahrat-plassen. Det er eit relativt klårt skilje mellom den gamle og den nye Aleppo. Dei eldre delane av byen med eit areal på 160 hektar, ligg innanfor ein mur, som har ein omkrins på 5 km med ni portar. Den store mellomalderborga i byen - Citadellet i Aleppo – ligg i sentrum av den eldste delen, forma som ein akropolis.

Sidan byen ofte var utsett for invasjonar og politisk uro, vart byen bygd i celle-liknande kvarter og distrikt som var samfunnsmessig og økonomisk sjølvstendige. Innbyggjarane i kvart distrikt hadde sitt eige religiøse eller etniske preg.

Gamlebyen, av hovudsakleg kvite steinar, vart bygd innanfor dei historiske bymurane, med ni historiske portar, medan dei nyare strøka i gamlebyen vart bygd av kristne tidleg på 1400-talet i dei nordlege forstadane av den gamle byen, etter mongolane trekte seg bort frå Aleppo. Dei nye strøka vart kalla Jdeydeh. Jdeydeh er eit av dei beste døma på eit celle-aktig kvarter i Aleppo. Etter Timur Lenk invaderte Aleppo i 1400 og øydela byen, flytta dei kristne utanfor bymurane og oppretta si eiga celle i 1420, nordvest for gamlebyen, og danna her strøket Jdeydeh.

Souq-marknader og khanar endre

 
Det gamle Aleppo, Souq al-Madina

Den strategiske plasseringa langs handelsrutene i området gjorde at byen trekte til seg folk av all slags etnisitet og religion og folk så langt unna som Kina og Mesopotamia i aust, Europa i vest, og Den fruktbare halvmånen og Egypt i sør møttes her. Den største tildekte souq-marknaden i verda ligg i Aleppo, med ei lengd på kring 13 km.[63][64]

Souq al-Madina, som han vert kalla lokalt, er eit aktivt handelssenter for importerte luksusvarer, som råsilke frå Iran, krydder og fargestoff frå India, og kaffi frå Damaskus. Souq al-Madina vert òg nytta til å selje lokale produkt som ull, jordbruksprodukt og såpe. Dei fleste souq-marknadane er daterte attende til 1300-talet og er kalla opp etter forskjellige yrke og handverk, som ull-sougen, koparsougen, osv. Utanom handel vart husa soug-marknadane handelsfolk og varene deira i khanar (karavanseraiar). Andre typar småmarknader vart kalla caeseriaer (ﻗﻴﺴﺎﺭﻳﺎﺕ). Caeseriaer er mindre enn khanane og fungerte som verkstader for handverkarar. Dei fleste khanane fekk namn etter plasseringa i souq-marknaden og kva funksjon dei hadde.

Religiøse byggverk endre

 
Al-Shibani-kyrkja og skulen.

Hammamar endre

 
Hammam al-Nahhasin

Aleppo hadde 177 hammamar i mellomalderen, fram til mongolinvasjonen då mange viktige byggverk i byen vart øydeliagde. I dag er det kring 18 hammamar i gamlebyen.

  • Hammam al-Nahhasin bygd på 1100-talet nær khan al-Nahhaseen.
  • Hammam al-Sultan bygd i 1211 av Az-Zahir Ghazi.
  • Hammam al-Bayadah bygd av mamelukkane i 1450.
  • Hammam Yalbugha bygd i 1491 av emiren av Aleppo, Saif ad-Din Yalbugha al-Naseri.[67]
  • Hammam al-Jawhary, hammam Azdemir, hammam Bahram Pasha, hammam Bab al-Ahmar er andre bad i gamlebyen.

Museum endre

 
Aleppo citadell-museum
  • Nasjonalmuseet i Aleppo.
  • Museum for folketradisjonar kalla Aleppinarhuset i Jdeydeh.
  • Aleppo citadell-museum.
  • Museum for medisin og vitskap ved Bimaristan Arghun al-Kamili.
  • Aleppo Minnemusem ved Beit Ghazaleh in Jdeydeh.
  • Zarehian-skattkammeret til den aremenske apostolske kyrkja ved den gamle armenske kyrkja i Jdeydeh.

Nærliggande attraksjonar og Daudebyane endre

 
Kharab Shams basilika.

I dei vestlege forstadane til Aleppo er det fleire historiske stader og landsbyar som ofte vert kalla Daudebyane. Kring 700 fråflytta busetnader frå før 400-talet ligg nordvest i Syria. Desse inneheld restane av kristen bysantinsk arkitektur. Mange hundre av desse busetnadane ligg i Jabal Simeon (Jabal Semaan) og Jabal Halaqa vest for Aleppo, i Belusmassivet.[68] Daudebyane vart innskriven på Verdsarvlista til UNESCO i 2011, under namnet «DEi antikke landsbyane i Nord-Syria».[69]

Dei mest kjende Daudebyane og arkeologiske funna i Jabal Simeon og Kurdarfjellet nær Aleppo er: Kalotaborga og kyrkjene nordvest for Aleppo, Kharab Shams, ein austromersk basilika frå 300-talet,[70] den halvvegs ruinerte romerske basilikaen i landsbyen Fafertin frå 372 evt., den gamle austromerske busetnaden Surqanya nordvest for Aleppo, basilikaen frå 300-talet i Sinhar, Mushabbak basilika frå andre halvdel av 400-talet, den assyriske busetnaden Kafr Nabo frå 800-talet fvt., landsbyen Brad og St. Julianus kloster (399–402 evt.) der helgenskrinet til St. Maron ligg, busetnaden Kimar frå 400-talet, St. Jabal Simeon-kyrkja frå 400-talet, det syrisk-hettitisk Ain Dara-tempelet frå jarnalderen, datert attende til 900 og 700-talet fvt og den antikke byen Kyrrhos med eit gammalt romersk amfiteater og to historiske bruer.

Økonomi endre

Handel og industri endre

 
Tradisjonell tekstil- og teppemarknad
 
Marknader i Tilel-gata.

Hovudrolla til byen var som handelsplass gjennom historia, sidan han låg ved krysset mellom to handelsruter frå India, Tigris og Eufrat og ruta frå Damaskus i sør.

Handelstradisjonane i Aleppo har djupe røter i historia. Aleppo handelskammer vart skipa i 1885 og er eit av dei eldste kammera i Midtausten og den arabiske verda. I følgje mange historikarar var Aleppo den mest kommersielt og industrielt utvikla byen i Det osmanske riket etter Konstantinopel og Kairo.[4]

Han er det største byområdet i Syria og har ein økonomi som er driven av tekstilar, kjemikaliar, legemiddel, næringsmiddelindustri, elektronikk, brygging, ingeniørvitskap og turisme. Han er det dominerande produksjonssenteret i landet og meir enn 50% av folk tilsette i produksjonsindustrien i landet, arbeider her.[71]

Aleppo er eit stort senter for produksjon av edelmetall- og steinar, og har den mest utvikla fabrikkane og handelen for dette i Syria.[72] Den årlege mengda handsama gull produsert i Aleppo er kring 8,5 tonn, som er 40% av alt gull som vert produsert i Syria.[73]

Industribyen Aleppo med Sheikh Najjar-distriktet, er ein av dei største i Syria og heile regionen. Industriområdet dekkjer eit område på 44,1 kvadratkilometer og ligg i dei nordaustlege forstadane til byen.[74]

Det tradisjonelle handverket er godt bevart i den gamle delen av byen. Den kjende Aleppo-såpa vert rekna som den første harde såpa i verda.[75]

Samferdsle endre

Jernbane endre

Aleppo jernbanestasjon var ein av dei store delane av Syria som vart knytte til jernbanen då Det osmanske riket bygde Bagdad-banen gjennom byen i 1912. Sambanda til Tyrkia og vidare til Ankara eksisterer framleis, med to tog kvar veke frå Damaskus. Det er kanskje av denne historiske årsaka at Aleppo er hovudkvarteret for det nasjonale jernbanenettet i Syria, Chemins de Fer Syriens. Sidan jernbanen er relativt saktegåande, har mykje av passasjertrafikken til hamnebyen Latakia blitt flytta over til vegbaserte, luftkondisjonerte bussar. Denne trenden vart snudd i nyare år då det vart sett inn nye ekspresstog langs ruta.

 
Aleppo internasjonale lufthamn.

Luftfart endre

Aleppo internasjonale lufthamn (IATA: ALP, ICAO: OSAP) er ein internasjonal lufthamn som tener byen. Flyplassen er det andre trafikknutepunktet for Syrian Arab Airlines. Historia til flyplassen går attende til byrjinga av 1900-talet. Han vart oppgradert og utvikla fram til 1999 då den noverande terminalen opna.[76]

Flyplassen har vore stengd sidan byrjinga av 2013 på grunn av den pågåande borgarkrigen i området.

Utdanning endre

 
Fakultet for kunst og humaniora ved Universitetet i Aleppo

Som det største økonomiske senteret i Syria, har Aleppo mange utdanningsinstitusjonar. I tillegg til Universitetet i Aleppo er det tre statlege høgskular og private universitet, som trekkjer til seg mange studentar frå Syria og andre arabiske land. Meir enn 60 000 studentar studerer ved Universitetet i Aleppo. Universitetet har 18 fakultet og 8 tekniske høgskular i Aleppo.

I dag er det tre private universitet i drift i byen. Det private universitetet for vitskap og kunst (PUSA), Al-Shahba universitet (SU) og Mamoun universitet for vitskap og teknologi (MUST).

Kultur endre

Musikk endre

 
Musikarar frå Aleppo, 1700-talet

Aleppo er rekna som eit av dei største sentera for arabisk tradisjonell og klassisk musikk med kjende sjangrane muwashshah, qudood og maqam. Aleppinarane er generelt glade i arabisk klassisk musikk, tarab, og mange artistar frå Aleppo vert rekna som pionerar blant arabarar innan klassisk og tradisjonell musikk. Dei mest markante personane innan dette feltet er Sabri Mdallal, Sabah Fakhri, Shadi Jamil, Abed Azrie og Nour Mhanna. Mange ikoniske artistar innan arabisk musikk, som Sayed Darwish og Mohammed Abdel Wahab vitja Aleppo for å hylle den aleppinske kunsten og lære frå kulturarva.

Aleppo er òg kjend for dei kunnige og kultiverte lyttarane, kalla sammi'a eller «musikk-kjennarar».[77] Aleppinske musikarar hevdar at ingen store arabiske musikarar kan verte kjende før dei har blitt motteke av ein aleppinsk sammi'a.[78]

Aleppo har mange musikkshow og festivalar kvart år i amfiteateret i citadellet, som «Den syriske songfestivalen»,«Silkevegfestivalen» og «Khan al-Harir-festivalen».

Fritid og underhaldning endre

 
Shahba-senteret

Aleppo har eit yrande natteliv. Fleire nattklubbar, barar og kabaretar er opne til det lysnar gjennom heile byen. Mange barar ligg i den gamle delen av byen og serverer tradisjonell aleppinsk mat til lokal musikk.

Club d'Alep opna i 1945 og er ein unik klubb kjend for bridgespel og anna natteliv. Aleppo offentlege park opna i 1949 og er ein av dei største planta parkane i Syria, og ligg nær Aziziyeh, der Queiq flyt gjennom den grøne parken. Den blå lagunen er ein av dei mest vitja stadane i Aleppo og er ein av dei første vassparkane i Syria. Shahba kjøpesenter er eit av dei største kjøpesentera i heile Levanten.

Idrett endre

 
Aleppo internasjonale stadion

Den mest populære idretten i Aleppo er fotball. Aleppo har mange fotballklubbar, mellom anna Al-Ittihad Aleppo og Hurriya SC som spelar i den øvste divisjonen i landet. Andre store klubbar er Al-Yarmouk SC Aleppo, Jalaa FC og Orouba SC Aleppo.

Basketball er òg populært i Aleppo. Fire av tolv klubbar i den øvste divisjonen i Syria kjem frå Aleppo, medan kvinnene har fem klubbar frå Aleppo.

Andre populære idrettar i byen er tennis, handball, volleyball, bordtennis og symjing.

Det største idrettsanlegget i Syria ligg i Aleppo, Aleppo internasjonale stadion med plass til 75 000 tilskodarar.[79] Andre idrettsanlegg er Al-Hamadaniah stadion, Aleppo 7. april stasion, Riayet Al-Shabab stadion, Al-Assad idrettshall, Al-Hamadaniah idrettshall, Al-Hamadaniah tennisbanar, Basil al-Assad-bassenget og meir.

Venskapsbyar endre

Aleppo har i dag tre venskapsbyar:

Kjende folk endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Syria News statement by Syrian Minister of Local Administration in Syria (arabisk, august 2009) Arkivert 2017-10-09 ved Wayback Machine.
  2. Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS). Aleppo Subdistrict Population Arkivert 2012-05-20 ved Wayback Machine.. Archived at [1].
  3. «UN Data i Syrian Arab republic». Data.un.org. 24. oktober 1945. Henta 7. april 2014. 
  4. 4,0 4,1 Encyclopedia of the Ottoman Empire. Google Books. Henta 7. april 2014. 
  5. Russell, Aleksander (1794), The natural history of Aleppo, 2nd Edition, Vol. I, s. 1–2
  6. Gaskin, James J. (1846), Geography and sacred history of Syria, s. 33–34
  7. «UN Demographic Yearbook 2009» (PDF). Henta 7. april 2014. 
  8. Expatify.com Navigating the Major Cities of Syria
  9. «Aleppo». World Heritage Site. Arkivert frå originalen 4. mars 2012. Henta 7. april 2014. 
  10. Travels of Rabbi Pesachia of Regensburg. teachittome.com (s. 53).
  11. 11,0 11,1 Aleksander Russell, red. (1856). The Natural History of Aleppo (1st utg.). London: Unknown. s. 266. 
  12. «eAleppo:Aleppo city major plans throughout the history» (på arabisk). 
  13. Qishri & Samsoum (2009) Aleppo guvernement, a Study of Geographic Climatology (arabisk) (numbers are from the Syrian Meteorological General Directorate)
  14. «World Weather Information Service – Aleppo». World Meteorological Organization. Henta 7. april 2014. 
  15. «Climatological Information for Aleppo i Syria». Hong Kong Observatory. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 7. april 2014. 
  16. «Average Conditions Aleppo i Syria». BBC Weather. Henta 7. april 2014. 
  17. Paolo Matthiae,Licia Romano. 6 ICAANE. s. 482. 
  18. Horowitz, Wayne (1998). Mesopotamian Cosmic Geography. Eisenbrauns. ISBN 0-931464-99-4. Henta 7. april 2014. 
  19. Pettinato, Giovanni (Johns Hopkins University Press, 1991) Ebla, a new look at history p.135
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 20,4 Hawkins, John David (2000) Inscriptions of the iron age p.388
  21. Cyrus Herzl Gordon,Gary Rendsburg,Nathan H. Winter. Eblaitica: Essays on the Ebla Archives and Eblaite Language, Volume 4. s. 63,64,65,66. 
  22. Kuhrt, Amélie (1998) The ancient Near East s.100
  23. Mitannian (Armenian) origin
  24. Lipinsky, Edward, 2000. Arameans: Their Ancient History, Culture, Religion (Peeters), s. 195.
  25. Healy, Mark (1992). The Ancient Assyrians (Osprey) s. 25.
  26. Kipfer, Barbara Ann (2000). Encyclopedic Dictionary of Archaeology. s. 626.
  27. 27,0 27,1 27,2 Phenix, Robert R. (2008) The sermons on Joseph of Balai of Qenneshrin
  28. Jackson, Peter (July 1980). «The Crisis in the Holy Land in 1260». The English Historical Review 95 (376): 481–513. doi:10.1093/ehr/XCV.CCCLXXVI.481. 
  29. "Histoire des Croisades», René Grousset, s. 581, ISBN 2-262-02569-X.
  30. Kay Kaufman Shelemay (1998). Let jasmine rain down: song and remembrance among Syrian Jews. University of Chicago Press. s. 70. ISBN 978-0-226-75211-2. Henta 24. november 2010. 
  31. Runciman, s. 314.
  32. Runciman, s. 336–337.
  33. Runciman, s. 463.
  34. Battle of Aleppo@Everything2.com.
  35. 35,0 35,1 35,2 Ágoston and Masters (2009), Encyclopedia of the Ottoman Empire
  36. «Aleppo in History (in arabisk)». Panoramaline.com. Arkivert frå originalen 15. mars 2012. Henta 7. april 2014. 
  37. Suraiya Faroqhi, Halil İnalcık, Donald Quataert (1997). «An economic and social history of the Ottoman Empire». Cambridge University Press. p.788. ISBN 0-521-57455-2
  38. Eldem, Edhem; Goffman, Daniel; Masters, Bruce (11. november 1999). The osmanske City between East and West: Aleppo, İzmir, and Istanbul. Cambridge University Press. s. 71. ISBN 978-0-521-64304-7. Henta 15. oktober 2012. 
  39. 39,0 39,1 M. Andrew & Sydney Kanya-Forstner (1981) The climax of French imperial expansion, 1914–1924
  40. 40,0 40,1 Fieldhouse, David Kenneth (2006) Western imperialism in the Middle East 1914–1958
  41. LaMaziere, Pierre (1926) Partant pour la Syrie
  42. Seale, Patrick (1990) Asad: The Struggle for the Middle East
  43. ﺣﻠﺐ ﻋﺎﺻﻤﺔ ﺍﻟﺜﻘﺎﻓﺔ ﺍﻟﺈﺳﻠﺎﻣﻴﺔ-Aleppo the Capital of islamsk Culture, arkivert frå originalen 5. juli 2008, henta 7. april 2014 . Henta 19. mars 2014.
  44. Martin Chulov in Beirut and Nour Ali (12. august 2011). «Syria violence spreads to commercial capital Aleppo | World news». The Guardian (London). Henta 7. april 2014. 
  45. Bakri, Nada (19. oktober 2011). «Assad Supporters Hold Rally in Aleppo in Syria». The New York Times. 
  46. «Aleppo Mass Rally | DayPress». Dp-news.com. 31. mars 2014. Henta 7. april 2014. 
  47. 47,0 47,1 Aji, Albert; Keath, Lee (11. februar 2012). «Syria says bombers kill 28 in Aleppo». The Herald-Sun. Associated Press. Henta 11. februar 2012. 
  48. Staff (10. februar 2012). «Syria unrest: Aleppo bomb attacks 'kill 28'». BBC. Henta 11. februar 2012. 
  49. «Deadly car bomb hits Aleppo». Emirates247.com. 18. mars 2012. Henta 7. april 2014. 
  50. The Associated Press (18. mars 2012). «CBC news:Blast in Aleppo». Cbc.ca. Henta 7. april 2014. 
  51. 51,0 51,1 51,2 51,3 The Martyrs| New Yorker|Luke Mogelson | p.42| April 29, 2013
  52. «Fighting in Aleppo starts fire in medieval souqs». Kyivpost.com. Henta 7. april 2014. 
  53. «UNESCO Director-General deplores destruction of ancient Aleppo markets, a World Heritage site». UNESCO World Heritage Centre. Henta 7. april 2014. 
  54. 54,0 54,1 54,2 «Profile: Aleppo, Syria's second city», BBC News, 5. februar 2016 
  55. Borri, Francesca (12. november 2013). «In Aleppo I only survive by looking Syrian». The Guardian. Henta 13. november 2013. 
  56. Bombing of the justice palace
  57. Bombing of Carlton hotel
  58. Bombing of the city council
  59. Emma Graham-Harrison (6. februar 2016). «Aleppo siege looms as pro-Assad forces cut opposition supply lines». The Guardian. 
  60. Emma Graham-Harrison; Kareem Shaheen (6. august 2016), Syria’s rebels unite to break Assad’s siege of Aleppo 
  61. Yacoub, Khaled (16. juli 2010). «Travel Postcard: 48 hours in Aleppo in Syria». Reuters. Henta 7. april 2014. 
  62. «Aleppo». Middleeast.com. Henta 7. april 2014. 
  63. «eAleppo: Dei gamle sougane i Aleppo (arabisk)». Esyria.sy. Henta 7. april 2014. 
  64. Forbes, Andrew, and Henley, David, Aleppo's Great Bazaar
  65. Burns, Russ (1999). Monuments of Syria. New York, London. s. 35. 
  66. «Aleppo». Travelnut. 13. desember 2011. Henta 7. april 2014. 
  67. Carter, Terry; Dunston, Lara; Humphreys, Andrew (2004). Syria & Libanon. Lonely Planet. s. 186. ISBN 978-1-86450-333-3. 
  68. Ancient villages (dead cities)[daud lenkje]
  69. UNESCO. «Ancient Villages of Nord-Syria». Henta 7. april 2014. 
  70. eAleppo:Kharab Shams Kharab Shams i historia (arabisk)
  71. Madinatuna:Aleppo City Development Strategy Economy
  72. «Gold i Syria». aliqtisadi.com. Henta 7. april 2014. 
  73. «Aleppo gold market». Syria Steps. Henta 7. april 2014. 
  74. «155 billion Syrian Pounds invested in Aleppo Industrial City (arabisk)». Aksalser.com. Henta 7. april 2014. 
  75. Aleppo Soap Soap History
  76. Aleppo Int. Airport Historical Overview Arkivert 2017-10-09 ved Wayback Machine.
  77. Racy, A.J. (2003). Making Music in the Arabic world: The Culture and Artistry of Tarab. Cambridge, UK: Cambridge University Press. s. 248. ISBN 0-521-31685-5. 
  78. Shannon, Johnathan Holt (2006). Among the Jasmine Trees: Music and Modernity in Contemporary Syria. Middletown, CT: Wesleyan University Press. ISBN 978-0-8195-6944-8. 
  79. «Stadiums in Syria». World Stadiums. Henta 7. april 2014. 
  80. «Partner Cities of Lyon and Greater Lyon». © 2008 Mairie de Lyon. Arkivert frå originalen 19. juli 2009. Henta 17. juli 2009. 
  81. «Gaziantep cultural committee: Gaziantep sister cities, Aleppo-Syria (tyrkisk)». 
  82. «Jamahir newspaper: 28. januar 2010 (arabisk)». Arkivert frå originalen 19. februar 2010. Henta 7. april 2014. 

Bakgrunnsstoff endre