Dalmatisk
Dalmatisk | ||
Bruk | ||
Var tala i: | Kroatia, Montenegro | |
Utdøydd: | 1898 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | dlm |
Dalmatisk er eit utrydda romansk språk som før i tida vart talt i regionen Dalmatia i den noverande staten Kroatia, og òg så langt sør som Kotor i dagens Montenegro.
Brukarane av dalmatisk budde i kystbyane Zadar, Trogir, Split, Dubrovnik og Kotor (Iadera, Tragurium, Spalatum, Raugia og Cattaro), og i kvar av desse byane fann ein ein eigen dialekt. Språket vart òg brukt på øyane Krk, Cres og Rab (Vikla, Crepsa og Arbe).
DialektarEndra
Nesten kvar einaste by utvikla sin eigen dialekt, likevel forsvann nesten alle før dei vart nedteikna, så dei einaste spora av dialektane finn ein i kroatiske lånord som blir brukt i lokale dialektar.
RagusanEndra
Ragusan er den nordlege dialekten. Namnet vart utvikla frå det italienske namnet på Dubrovnik, «Ragusa».
VegliotEndra
Vegliot (det opphavlege namnet er Viklasun) er den nordlege dialekten. Namnet Vegliot kjem frå det italienske namnet for øya Krk, «Veglia».
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Dalmatisk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2012.