Dalsøyra
(Omdirigert frå Dalsøyra (Gulen))
Dalsøyra er ei bygd i Gulen kommune i Vestland. Bygda ligg på austsida av Eidsfjorden, ved munningen av Moldeelva.
Her finst barnehage, Dalsøyra skule og butikk.
Den første landhandelen på Dalsøyra opna i 1902 av Isak Breidvik som også var damskipsekspeditør da fylkesbåtane fekk stoppestad her. Dampskipskaia vart bygd i 1911. Frå 1904 var Isak Breidvik og ansvarleg for ein telegrafstasjon inntil ca. 1920 da han vart flytta og staten tok over drifta.
Dalsøyra vart eigen poststad i 1905, og den første postopnaren var John J. Kjellevoll.
Dalsøyra har ei flystripe for mikrofly, Rompene Airport, som etter siste utbetring måler 210x20 meter.
Bakgrunnsstoff
endre- «Isak Breidvik». Sogn og Fjordane fylkesleksikon. Henta 11. mars 2021.
- «Vegar i Gulen». Sogn og Fjordane fylkesleksikon. Henta 11. mars 2021.