Moldeelva i Gulen

Moldeelva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho kjem frå fjellområda mot grensa til Masfjorden kommune i Hordaland, og renn derfrå i vestleg retning til ho munnar ut i Eidsfjorden ved Dalsøyra. Elva er 7,1 km lang, og har eit nedbørfelt15,8 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 1,66 m³/s.[1]

Moldeelva
elv
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Nedslagsfelt 15,8 km²
Lengd 7,1 km
Middelvassføring 1,66 /s
Kjelde Myrområda i Skitnedalen
Munning Eidsfjorden ved Dalsøyra
Kart
Moldeelva i Gulen
60°55′38″N 5°09′34″E / 60.927222222222°N 5.1594444444444°E / 60.927222222222; 5.1594444444444

Elva byrjar i myrområda i Skitnedalen, søraust for Dalsfjellet. Ho renn derfrå først mot sør til Norddalsstølen, der ho snur mot vest og fell bratt ned mot Setsstølen innerst i Dalsdalen. Ved Dale lauper ho saman med sideelvane frå Nordalen i nord og Vyrkjesdalen i sør. Det er busetnad og jordbruksområde på begge sider av elva frå Dale til elvemunningen ved Dalsøyra, og òg i Nordalen opp til og med Nordalsvatnet.

Vasskvalitet og fiske endre

I likskap med andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Moldeelva på siste delen av 1900-talet negativt påverka av sur nedbør. Men geologien i Moldevassdraget skil seg ut i tilhøve til dei fleste andre vassdraga i kommunen, for i dei øvre og nordlege dela av vassdraget består berggrunnen for det meste av prekambrisk amfibolitt og gabbro. Desse meir basiske bergartene motverker surheta i nedbøren og bidrog til ein betre vasskvalitet og betre tilhøve for fisk i desse dela av vassdraget. Lengjer sør i vassdraget er berggrunnen surare og mindre eigna til å motstå sur nedbør. Heile vassdraget var likevel periodevis surt, og ei biologisk undersøking av botndyr ved munningen av elva viste at vassdraget var blant dei beste i kommunen med omsyn til botndyr, sjølv om botndyrfaunaen her òg var middels påverka av det sure vatnet. Dei vatnkjemiske undersøkingane vart stadfesta av status for fiskebestandane, då Nordalsvatnet hadde betre tilhøve for fisk enn i Moldevatnet lenger sør i nedbørfeltet, der ørretbestanden døydde ut alt på 1960-talet. I Nordalsvatnet var det òg ein viss nedgang i fiskebestandane, men dette skjedde ikkje før på 1980-talet.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5