Dalsfjord fyrmuseum

museum i Volda kommune

Dalsfjord fyrmuseum er eit museum som har som hovudoppgåve å dokumentere og formidle den sosiale historia til dei som har vore med å byggje fyr, lykter, merke, fortøyingsfeste og hamner langs norskekysten. Det vart skipa i 1993. Museet ligg i Dravlaus i Volda, og er tilslutta Stiftinga Sunnmøre Museum. Dalsfjord fyrmuseum var offisielt opna i nye lokalar 8. november 2012.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.